Her ventar dei på at salva skal gå av

Her ventar dei på at salva skal gå av

Tysdag kunne Statens vegvesen og entreprenør Hæhre feire gjennomslag til Filefjellstunnelen. 

Filefjell: Alle arbeidarane, media og fleire var samla då siste del av Filefjellstunnelen skulle sprengast ut. Grunneigar Sigrid Nystuen fekk æra av å tenne på dynamitten.

Rundt 560 000 kubikk med stein er køyrt ut av tunnelen, og no gjenstår altså siste rest. Under sjølve spreninga var storparten av forsamlinga samla mot austsida av tunnelen, om lag to kilometer frå spreningsstaden. 

Les også: Markerte gjennomslag i Filefjellstunnelen

Deretter vart alle frakta inn for å sjå korleis det hadde gått, og resultat var som venta perfekt. Etter dette bar det vidare over på vestsida, der det vart servert mat, halde talar og komikar Kjell «Kjellen» Bigset underhaldt. 

I videoen over kan du sjå ei kort oppsummering av timane. 

Til toppen