VART HEIDRA: Roar Gilbu og Johnny Steensen fekk i dag utdelt blomar og diplom frå Carnegies heltefond under kommunestyremøtet i Aurland.
VART HEIDRA: Roar Gilbu og Johnny Steensen fekk i dag utdelt blomar og diplom frå Carnegies heltefond under kommunestyremøtet i Aurland.

Her vert dei heidra for motet dei viste då raset kom

Roar Gilbu og Johnny Steensen mottok i dag diplom og blomar frå Carnegies heltefond som takk for liva dei truleg berga.

Aurland: Målet til Carnegies heltefond er å framheve lokale og usjølviske heltar som er til eksempel for andre.

Roar Gilbu og Johnny Steensen har mykje av æra for at ikkje liv gjekk tapt då det gjekk eit ras i Gudvangen i juli i år.

STORT RAS: Fleire ras og store steinar gjorde at E16 gjennom Gudvangen vart stengt i fleire dagar. Heldigvis gjekk ingen liv tapt.
STORT RAS: Fleire ras og store steinar gjorde at E16 gjennom Gudvangen vart stengt i fleire dagar. Heldigvis gjekk ingen liv tapt.

Duoen viste handlekraft og mot då dei sprang opp i vegen og fekk stoppa trafikken då dei såg at fjellsida tok til å rase.

– Eg ser ikkje på meg sjølv som ein helt. Vi var tilfeldigvis veldig nære og klarte å forhindre at det skjedde ei tragedie, seier Roar Gilbu etter tildelinga.

Les også: – Det føltes ut som ein Hollywood-film​

Han får støtte av Johnny Steensen.

– Eg gjorde berre jobben min, seier han.

Til toppen