Sogndal: Til stades var mellom anna konsernsjef Auke Lont i Statnett og statssekretær Kjell Børge Freiberg (Frp) i Olje- og energidepartementet. Sistnevnte fekk æra av å trykke på den symbolske på-knappen.
– Det fungerte, konstanterer ordførar Jarle Aarvoll, som òg var på plass.
Les også: Den nye fjordkryssinga heng i ein tynn tråd

Ordføraren er raus med skryten
Festtalar, musikk og celebre gjester var med å sette ei fin ramme på den høgtidelege opninga. Ikkje minst maten fekk fram superlativa hos ordføraren.
– Koldtbordet som var der trur eg våre gjester frå sentrale hald kjem til å hugsa i lang tid, seier Aarvoll.

For han er dette ein stor dag for kommunen og for det han kallar det største vegkrysset for kraft i Norge:
Stort prosjekt, lite konfliktar
– Lokalt har me fått flytt trafostasjonen frå eit område med mykje folk, til eit område utan folk. Eg er òg forferdeleg glad for at me har fått ein tilkomst som bringer utstyr til fjellet på ein god måte og som gjer at Øvstedalen har fått ein ny og flott veg, seier ordføraren.
Han rosar det gode samarbeidet som har vore mellom alle involverte i byggjeperioden.
– Det var nok av potensielle konfliktområde, men måten me har greidd å ta tak i dei på, har gjort at me har kome fram til gode løysingar, seier Aarvoll.