Årdal: I november skreiv Porten.no at Klingenberg Hotell hadde kjøpt opp Tya Bakeri. Dermed eig dei begge kafeane i sentrum i Øvre Årdal.
No opplyser Utla Kafé og Bar på sine Facebook-sider at dei kjem til halde stengt på grunn av ombygging for å samkøyre drifta av dei to kafeane.
– Utla vert nok stengt iallfall i tre månader medan me driv på, seier Erling Eggum.
- Les også: Glad for tilliten til å drive Tya vidare

Førebels er det ikkje ein klar plan for kva som skal inn på Utla Kafé og Bar, som er tilknytt Årdalsenteret og kulturhuset.
Vil bruke tida godt
– Me vil bruke litt tid og laga noko som er berekraftig. Når me stengjer no, er eg spent på korleis trafikken vert på Tya i mellomtida. Då er det interessant å snakke med publikum og høyre kva dei seier, seier han og legg til at drifta ikkje har vore lønsam på Utla slik ho har vore.
Eggum vil ikkje seie noko konkret om tankane dei har for kafeen, men seier det vil koma noko innanfor den same sjangeren.
– Det blir eit litt anna konsept retta mot det same publikummet. Det vil iallfall koma noko der, forsikrar han om.