Eivindvik: Tysdag vart ekteparet Johan (96) og Marie (91) Høidal dei første som vart vaksinerte mot koronaviruset i Gulen kommune. Dei er bebuarar ved Gulen sjukeheim der vaksineringa startar.

Her vert Johan (96) den første som får koronavaksinen
Tysdag starta vaksineringa av bebuarar ved Gulen sjukeheim mot koronaviruset. – Vi er veldig glade for å vere i gang, seier einingsleiar ved sjukeheimen.