LIKEIT FOR LOVA: Sogndal kommune er den einaste i Sogn som krev parkeringsavgift i sentrum. Til no har elbilar sloppe unna, men no kan det vere i ferd med å snu. Foto: arkiv.  
LIKEIT FOR LOVA: Sogndal kommune er den einaste i Sogn som krev parkeringsavgift i sentrum. Til no har elbilar sloppe unna, men no kan det vere i ferd med å snu. Foto: arkiv.  

Her vil dei fjerne avgiftsfri parkering for elbilar

– Eg tykkjer kommunen har gjort sin skarv for elbilane, no er det på tide at det blir likheit, seier Frp-politikar i Sogndal.

Sogndal: Frå nyttår er det slutt på at el-bilar automatisk får parkere gratis på offentlege parkeringsplassar over heile landet.

OPEN FOR ENDRING: Senterpartiet i Sogndal, med varaordførar Laura Kvamme i spissen, er opne for å fjerne avgiftsfri parkering for elbilar. Men ikkje før neste år.
OPEN FOR ENDRING: Senterpartiet i Sogndal, med varaordførar Laura Kvamme i spissen, er opne for å fjerne avgiftsfri parkering for elbilar. Men ikkje før neste år.

No er det i staden opp til kvar kommune om dei vil gje eit slikt fritak og fritaket må bli fornya kvart år.

I Sogndal går det mot at fritaket forsvinn, om enn ikkje heilt med det same.

– Me er opne for å endra praksis, men ikkje over natta. Folk må få tid til å tilpassa seg. Difor vil me framleis gje fritak i 2017, men vil ta ei ny vurdering i budsjettet for 2018, seier varaordførar Laura Kvamme (Sp).

Les også: Om eitt år kan du hurtiglada kvar femte mil
Les også: – Ein kraftkommune på Vestlandet bør ha ladestasjon

Ho er ein tilhengjar av å stimulere til å få opp elbiltalet, men meiner avgiftslette ved kjøp er den beste måten å få det til på.

Rita Navarsete (Frp) meiner at fritaket bør fjernast allereie no. At el-bilistane treng tid til å omstille seg er eit argument ho ikkje forstår mykje av.

– Omstilla seg til kva då? Eg skjønar ikkje poenget. Det verkar som dei tykkjer elbilfolket treng lenger tid enn andre til å omstilla seg, seier ho.

– Eg tykkjer kommunen har gjort sin skarv for elbilane, no er det på tide at det blir likheit. Det er på tide at dei òg tek sin del av parkeringsavgifta, men fleirtalet vil det anleis, seier Navarsete.

Om parkeringsfritaket blir fjerna eller ikkje blir endeleg vedteke 15. desember. Då skal kommunestyret vedta neste års budsjett.

Til toppen