POPULÆR: Skøytebana i Lærdal er populær, men sårbar for milde vintrar. No ønskjer idrettslaget å realisera planane om ei kunstisbane.
POPULÆR: Skøytebana i Lærdal er populær, men sårbar for milde vintrar. No ønskjer idrettslaget å realisera planane om ei kunstisbane. (Foto: Jarle Offerdal )

Her vil idrettslaget bygga kunstisbane

Skøytebana i Lærdal er populær, men sårbar for milde vintrar. No ønskjer idrettslaget å realisera planane om ei kunstisbane.

Lærdal: Lærdal Idrettslag har teke oppatt arbeidet med å få etablert ei utandørs kunstisbane i Lærdal. Tysdag om ei knapp veke vil dei halda eit ope møte for å visa fram og informera om planane.

– Forholda for eit slikt anlegg ligg veldig godt til rette der skeisebana ligg i dag. Me ser at i dei periodane som det er lagt skeiseis er bana godt besøkt, óg frå nabokommunane, seier Hallvard Thomassen, i ei pressemelding.

Han er nyleg avgått leiar i Lærdal idrettslag, men har leia prosessen so langt.

Viktig for næringsutvikling

Planane er å laga ei bane som både skøyteløparar og andre som berre vil leika seg på isen kan bruka.

På folkemøtet vil Norconsult presentera ein studie som ser på sjansane som opnar seg med eit slikt anlegg. Næringsaktørar i regionen vil óg halda innlegg. 

Tema som vil dukka opp på møtet er moglege tekniske og praktiske løysingar for ei slik bane, finansiering og kva ei kunstisbane i Lærdal kan bety for regionen.

– Utsiktene for auka vinteraktivitet og næringsutvikling i heile regionen er gode rundt eit slikt anlegg. No håpar me desse mykje omtala planane kan bli ein realitet, og håpar difor mange kjem på møtet for å høyra meir om dette, seier Thomassen i pressemeldinga.

Til toppen