HER: Det er på dette arealet på Bergo at kommunen vil byggja to bustader for vanskelegstilte/flyktningar. Foto: Ole Ramshus Sælthun
HER: Det er på dette arealet på Bergo at kommunen vil byggja to bustader for vanskelegstilte/flyktningar. Foto: Ole Ramshus Sælthun (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

Her vil kommunen byggja bustader for flyktningar

Formannskapet vedtok å gje dispensasjon frå byggjegrense i reguleringsplan for Bergo for at kommunen skal kunne byggja to bustader for vanskelegstilte og flyktningar.

Lærdal: – Går det an å få det styggare? Det var det første eg tenkte, sa Annike Vanberg (SV) i formannskapet torsdag. 

For formannskapet torsdag låg det føre søknad om dispensasjon ​frå byggegrense i reguleringsplan for Bergo. Søknaden kom frå arkitekt Jarle Sandvik på vegne av Lærdal kommune, og det er snakk om bygging av to bustader for vanskelegstilte/flyktningar.

Saka gjeld to prefabrikkerte modulbygg i ein etasje. Bygga vil ha måla 8,5m x 14,7m og 8,5m x 17,6m.

Artikkelen held fram under biletet

SLIK: Dette er teikninga på ein av bygningane det er snakk om. Skisse henta frå sakutgreiinga
SLIK: Dette er teikninga på ein av bygningane det er snakk om. Skisse henta frå sakutgreiinga

Fleire merknader frå naboane

I samband med nabovarselet hadde det kome inn merknader frå to naboar. Desse gjekk mellom fleire andre punkt på:

  • Reduksjon av byggjegrense kan føra til redusert frisiktlinje.
  • At dei to bygningane er altfor store i høve tomtestorleiken. Vidare at uteareal er altfor lite.
  • At bygningane manglar estetikk, framstår som brakker, ikkje som nye bustadhus. Og at det ikkje kan byggjast slik inntil verneområde på Øyri. 
  • Forringing av eigedomane til naboane som konsekvens av dei nye bygningane

Artikkelen held fram under biletet

KART: Dei to kvite rektangla viser kvar bygningane er tenkt. Skisse henta frå sakutgreiinga
KART: Dei to kvite rektangla viser kvar bygningane er tenkt. Skisse henta frå sakutgreiinga

I saksutgreiinga frå rådmannen står følgjande: «Spørsmålet vert om ein dispensasjon i denne saka vil medføre ei vesentleg tilsidesetjing av omsyna bak den fastsette byggjegrensa i planen. I tillegg må fordelane med å dispensere vere klart større enn ulempene.»

I den påfølgjande argumentasjonen står det det mellom anna: «Vidare kan rådmannen ikkje sjå at tiltaket får ulemper for naboar. Dei nye bygga held seg godt under krava om maks mønehøgd og gesimshøgd. Planen opnar for bygg i 1,5 etg.

Dei nye bygga er planlagd i ein etasje. Rådmannen kan etter dette ikkje sjå at utsikta/siktlinjer vert vesentleg redusert/ringare enn det som kan forventast i eit slikt område.»

Såleis er konklusjonen frå administrasjonen si side klar: «Samfunnsnytten av dei omsøkte tiltaka er tillagt særleg vekt. Etter ei samla vurdering har rådmannen kome til at fordelane med å dispensere frå den fastsette byggjegrensa er klårt større enn ulempene.»

– Skuffa då eg fekk saka

Diskusjonen i formannskapet gjekk mykje på at bygningane i teikningane som låg ved saka rett og slett var for stygge.

– Eg har etterlyst bygging på kommunale eigedomar i halvanna år. Eg hadde store forventingar til at me endeleg skulle byrja å byggja hus. Men eg vart skuffa då eg fekk saka. Kva er det me eigentleg skal byggja for? Her er det snakk om to einebustader, per definisjon, på ei tomt på under eitt mål, sa Kåre Mentz Lyzne (Ap).

Artikkelen held fram under biletet

KRITISKE: Annike Vanberg (SV) og Kåre Mentz Lysne (Ap) tykte bygningane som låg føre på skisser var stygge. Jarle Molde (H, med ryggen til) påpeika at det ikkje var estetikk denne dispensasjonssaka handla om.
KRITISKE: Annike Vanberg (SV) og Kåre Mentz Lysne (Ap) tykte bygningane som låg føre på skisser var stygge. Jarle Molde (H, med ryggen til) påpeika at det ikkje var estetikk denne dispensasjonssaka handla om.

Han meinte vidare bygginga vore ha diskutert nærare politisk først.

– Me har eit politiske forum for slike saker. Og dette som ligg føre bryt heilt med reguleringsplanen. Desse bygga er subjektivt sett stygge. Og me har hatt mange diskusjonar med private som skal byggja oppatt hus i dette området etter brannen for å få dei til å byggja slik me har ville.

Rådmann Alf Olsen jr. påpeika at bygga er tiltenkt tilretteleging for flyktningar; vidare at administrasjonen har fått politiske signal om at ein ønskjer flyktningar og har behov for det. Og at ein difor treng bygningane. Han viste vidare til at bygga ligg utanfor buffersona, når det gjeld merknadane til det estetiske som hadde kome i møtet.

Viste til punkt om tradisjonell småhusbygging i reguleringsplanen

Jarle Molde (H), som møtte for ugilde Trond Øyen Einemo, påpeikte at ein måtte hugsa på kva saka eigentleg dreia seg om:

– Me skal handsama dispensasjon for avstandar i saka slik den ligg føre no. Sjølve utforminga kan me påverka etterpå, er det ikkje slik?

Slik er det, kunne rådmann Olsen opplysa.

Etter ein kort diskusjon om kor vidt ein skulle senda saka tilbake og få ein ny dispensasjonssøknad, føreslo ordførar Jan Geir Solheim at ein godtok søknaden, men at ein la inn klare føringar når det gjeld estetisk utforming.

Kåre Mentz Lysne påpeika at det her eigentleg berre var å visa til reguleringsplanen, som seier at det skal vera tradisjonell småhusbygging som elles er i stroket. 

Og slik vart det; formannskapet godkjende dispensasjonssøknaden samrøystes, men med eit tilleggspunkt der det vart vist til setninga om tradisjonell småhusbygging i reguleringsplanen.

Til toppen