TANGEVEGEN 14: Her, i sentrum av Årdalstangen og eit steinkast frå rådhuset, vurderer kommunen å etablere eit nytt og lovpålagt tilbod innan rus- og psykiatri. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Her vil kommunen etablere eit nytt tilbod til ei utsett gruppe

Årdal kommune vurderer å pusse opp bustadene i Tangevegen 14 for opp mot 12,5 millionar kroner og mellom anna etablere eit døgnbemanna tilbod til rus- og psykiatripasientar.

Årdal: – Dette er brukarar som verkeleg treng eit slikt tilbod, seier Rigmor Svanberg, kommunalsjef for helse og omsorg i Årdal.

Ho er glad for at formannskapet tysdag vedtok å starte eit forprosjekt som skal finne ut kva det kostar å sette planane ut i live. Førebels er kostnadane stipulerte til mellom 10,5 og 12,5 millionar kroner og omfattar ombygging, oppussing, nytt tak og betre isolering.

NØGD: Kommunalsjef Rigmor Svanberg.
NØGD: Kommunalsjef Rigmor Svanberg. Foto:  Truls Grane Sylvarnes

I tillegg må kommunen rekne med ekstra driftskostnader i form av fleire tilsette.

– Me har ikkje tilstrekkelege ressursar i dag til å bemanna på døgnbasis, seier Svanberg.

Samlar tenestene i eitt bygg

Målet er at kommunen skal ta hand om sine eigne innbyggjarar med rusproblem og psykiske utfordringar, samt dei med psykiske lidingar. Frå 1. januar 2018 er det eit krav at desse gruppene har eit tilbod i eigen kommune.

I Tangevegen 14 er det i dag eit lågterskel dagtilbud innan psykisk helse, eit tilbod som vil bli videreført i dei nye planane. Tanken er å etablere eit døgnbemanna bufellesskap for seks personar med rus- og psykiatrilidingar, i tillegg til seks utleigebustader for personar med mindre behov, men som likevel treng nærleik til tenestene.

– Det å samla dei tenestene i dette bygget tykkjer eg er ei god løysing, så eg håpar det går an å gjennomføra slik som me tenkjer, seier ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap).

Droppar millionlovnad til nysatsing

Satsinga i Tangenveien 14 gjer òg at kommunen droppar dei økonomiske forpliktingane overfor Ecura, det nystifta og raskt veksande selskapet som i september i fjor kjøpte opp Melås Helse.

GOD LØYSING: Ordførar Arild Ingar Lægreid håpar kommunen vil greie å realisere planane i Tangevegen.
GOD LØYSING: Ordførar Arild Ingar Lægreid håpar kommunen vil greie å realisere planane i Tangevegen. Foto: Truls Grane Sylvarnes

Dei har planar om å etablere eit senter i Årdal, som òg skal tilby behandling til hovudsakleg rus- og psykiatripasientar. Mot tidlegare lovnader om kjøp av tenester for til saman 7,5 millionar over tre år, vil kommunen no berre stille faglege og administrative ressursar til rådvelde om planane blir realiserte.

Ordføraren er spent på kva utgreiingane dei neste månadane vil ende opp i.

– No skal me køyra eit forprosjekt fram mot desember og finna ut det er mogleg å løysa det i dette bygget og at økonomien er innafor rammer me kan med leva med, seier han.

Til toppen