Sogndal: Framfor ein stappfull sal av foreldre og slekt fekk elevane teste kor mykje dei tør å by på seg sjølve.

Thale Marie Hartvigsen Flugheim var med i trioen som framførte vinnarmelodien frå årets Melodi Grand Prix Junior.
– Eg blei glad og litt nervøs, seier ho om kjensla då ho såg kor mykje publikum det var i salen.
Du kan klare deg utan å vere modig
Når vi spør om ho sjølv er modig, kjem svaret nesten før spørsmålet er ferdig formulert.
– Ja!
– På kva måte?
– Eg er modig når eg må stå framfor mange folk og så kan eg hoppe frå høge høgder i bassenget. Eg trur det er alt, seier år.
Les også: Sjå bileta frå danseshowet
Emma Ylvisåker Heggestad har drive med Taekwondo i fem år. På scena viste ho og resten av utøvarane tøffe triks og imponerande kroppskontroll. Ho meiner du ikkje treng å vere spesielt modig for å drive med sporten.
– Du kan vere så modig som du vil. Du blir det uansett viss du går på det, seier ho.
Får mot til å by på seg sjølve
Marie Fimreite og Anne Marte Kvale i MOT vart imponerte av det dei såg.
– Eg har vore lærar her i fem år og i dag ser eg folk på scena eg ikkje visste kunne synga ein gong. Så mestrar dei det så sinnsjukt. Eg kjenner eg blir skikkeleg rørt og stolt, seier Fimreite.

For dei er det viktigaste elevane kan lære er å ha mot til å vere seg sjølv, mot til å bry seg om andre, mot til å by på seg sjølv og glede andre.
Slik sett passar ein konsert dei fleste kriteriane på lista
– Tenk om alle dagar kunne vere som i dag. Det er ei påminning om å sjå dei rundt deg og gjere dei små tinga i kvardagen. For det er dei som gler mest, seier Kvale.