Fjøra-Spjelkavik: 2-3
– Det raude kortet er heilt klart, så det er ikkje noko å diskutere ein gong, seier fjøratrenar Knut Almås.

Han måtte sjå poenget glippe fem minutt på overtid og temperaturen på sidelinja var på kokepunktet etter kampen. Temaet var det raude kortet til bortelaget på stillinga 2-2, tjue minutt før kampslutt.
Spjelkaviktrenar Tor Hogne Årøy, tidlegare kraftspiss gjennom mange år for Aalesund, verka mindre oppteken av å feire dei tre bortepoenga, men strena heller rett bort til fjørabenken etter sluttsignalet. Der fekk han, etter nokre kjappare ordvekslingar, ein lettare skubb av trenarkollega Almås.
Intensjonen var reint pedagogisk, forklarer Almås etterpå, og at disputten mellom dei to stoppa der og då understøttar den forklaringa. Likevel var det ein slagen fjøratrenar som møtte pressa etter kampen.
Fjøra-Spjelkavik 2-3
Kampfakta:
Stadion: Fosshaugane Campus
Dommar: Dan Kåre Esp (Eikefjord)
Målscorarar, Fjøra: Kenneth Skjerven (24), Malvin Gjerde (47)
Gule kort, Fjøra: Joar Tryti (68)
Lagoppstilling, Fjøra: 1. Håvard Mjelleli, 17. Eirik Husabø, 3. Nicklas Sjølie Af Geijerstam, 4. Henrik Navarsete, 5. Joar Tryti, 6. Håvard Stedje, 22. Joar Hoberg, 8. Karsten Ellema Bjelde, 21. Eirik Kristoffersen (Mathias Husby Løken 46.), 7. Kenneth Skjerven, 9. Malvin Gjerde (Sindre Rydvang 59.)
– Det er mildt sagt frykteleg surt. Det er det siste som skjer i kampen og det er beintøft å få ein slik i fleisen etter den gløden og innsatsen som guta viser, seier han.
Tapet gjer at fjørene framleis ligg heilt sist på tabellen. Vegen opp til fast grunn verkar uoverstigeleg, ni poeng er det no opp til Stord på tiande. Etter det uventa trenarbytet i vår har Fjøra mista fleire sentrale spelarar, mellom anna har toppskårar Mathias Flo forsvunne til Raufoss på lån ut haustsesongen. Det gjer jobben med å kome ut av sumpa berre enno meir utfordrande.
– Utifrå at me har missa så mange spelarar, så legg gutane ned ein fantastisk innsats. Berre surt at dei ikkje får betalt for det, konkluderer Almås etter kampen.
