STØRRE SKILNADER: Fagsjef i E-CO Energi, Halvor Kristian Halvorsen, forklarar for Zeroakademiet kvifor vasskraftverk som har stor produksjon vinterstid kan koma til å bli enno meir verdifulle i framtida. Foto: Ole Ramshus Sælthun
STØRRE SKILNADER: Fagsjef i E-CO Energi, Halvor Kristian Halvorsen, forklarar for Zeroakademiet kvifor vasskraftverk som har stor produksjon vinterstid kan koma til å bli enno meir verdifulle i framtida. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Her viser han kvifor E-CO sitt kraftverk i Aurland kan bli ekstra verdifullt

E-CO trur energiproduksjonen frå sol og vind vil gå enno kjappare enn kva prognosane tilseier. Det vil føra til mykje "ny" straum som blir produsert på sommaren, medan underskotet vintersid vil bli enno større. 

Aurland: - Det tyder at kraftverk som her i Aurland blir ekstra verdifulle, sa fagsjef i E-CO Energi, Halvor Kristian Halvorsen då Zeroakadamiet var på vitjing i Aurland denne veka.

Les også: Unge politikarar og næringslisvsspirer let seg imponera av E-CO

Aurland 3 er eit sokalla pumpekraftverk, der ei pumpe med ein kapasitet på 56 000 liter vatn i sekundet, fører vatn opp til eit høgare nivå for å skapa meir fall og såleis meir energiproduksjon.

Aurland 3 heng delvis i hop med Aurland 2 - som også har ei pumpe som pumpar opp vatn på sommaren og blir sleppt ned hovudsakleg på vinteren -  og Aurland 1, eit av Noregs største kraftverk med middelproduksjon på 2015 GwH/år.

- Me trur det vil gå kjappare

Trass i at ein må bruka elektristitet tilsvarande om lag 20 prosent av produksjonen til å pumpa oppatt vatnet, gir dette svært god utnytting av ressursane.

Og, ikkje minst - grunna oppmagasinering kan slike kraftverk ha høg produksjon på vinteren - ei tid då mange andre typar vasskraftverk produserer lite eller ingenting, og kraftproduksjon frå sol og vind har vesentleg mindre produksjonspotensiale.

- Me trur det vil gå kjappare med utbygging av sol- og vindkraft enn kva Statnett trur. Me følgjer deira prognosar, men dette er det me trur, sa Halvorsen.

Poenget er at den grøne modellen for straumproduksjon går ut på eit finstemt samspel mellom ulike former for rein energiproduksjon. Når tilhøva er dårlege for straumproduksjon frå til dømes sol og vind vil straum frå vasskraft kunne ta over.

I alle høve vil det vera slik at desse produksjonane er meir sesongavhengige, og ein vil kunne få ein større sesongvariasjon i pris når desse reine formene for straumproduksjon gradvis tek over for kol og gass - som ikkje er sesongavhengige.

Resultatet totalt vil bli stor straumproduksjon sommarstid og mindre vinterstid. Som igjen gjer kraftverk med stor vinterproduksjon ekstra verdifulle ettersom dei kan ta ut høgare prisar - som i E-CO sine anlegg i Aurland

- Mykje av Statnett sine svingingar i etterspurnad tek dei inn att her i Aurland. Det bidreg til å balansera kraftmarknaden også i dag, sa Halvorsen.

Vil utveksla straum med Skottland

Det kritiske spørsmålet for kor godt samspel ein kan få mellom ulike typar av grøn straumproduksjon, kjem langt på veg an på straumnettet mot andre land.

Mellom anna eig E-CO 22% av prosjektet "North Connect", der ein skal byggja eit likestraumsamband frå Sima i Eidfjord til Peterhead i Skottland. Her produserer dei store mengder vindkraft, og med sambandet kan straum frå skotsk vindkraft importerast til Noreg på dagar med liten straumproduksjon her, og norsk vasskraft eksporterast til Skottland på lite vindfulle dagar; enkelt forklart.

Dette prosjektet fekk også 10 millionar Euro frå EU tidlegare i år.

- Dette er "perfect match". Statnett byggjer også no kablatr mot England og Tyskland; her vil norsk vasskraft fungera som ein satbilisator i framtida, sa Halvorsen.

Han nytta også høvet til å koma med eit aldri så lite stikk til norske, kraftkrevjande industriar, som Hydro og Elkem:

- Me har verdas lågaste kraftprisar,  grøn straumproduksjon og eit stabilt politisk regime. Det er ingen grunn til å putta pengane inn i smelteverk i Qatar. Etter mitt skjønn. 

Til toppen