Årdal: Torsdag er det kommunestyremøte i Årdal. Ei av sakene som skal opp er bustadprosjektet i Storevegen 28. Avgjerda kan få konsekvensar for om utbygginga blir realisert eller ikkje.
– Me har møtt Senterpartiet og er i dialog med dei, og skal få på plass ei løysing som vert klar i kommunestyret, fortel Marie-Helene Hollevik Brandsdal, leiaren for Arbeidarpartiet i Årdal og medlem av formannskapet.
Dersom Ap og Sp i fellesskap kjem med eit framlegg, vil det få klart fleirtal. Hollevik seier at Ap aldri har ynskt å stogga bustadprosjektet:
– Me har heile vegen vore positive til prosjektet. Me ynskjer at det skal byggjast og utviklast i Årdal, seier Brandsdal.
– Kva for innspel var det som førte til at de alle saman hadde ombestemt dykk innan formannskapsmøtet den 7. november, då heile formannskapet røysta i mot LE og ÅBB sin plan?
– Me har heile vegen vore postive til prosjektet, og det har me sagt i formannsskap, til media og til utbyggjarane, seier Brandsdal.
Øren Heen: – Ynskjer ei løysing naboane kan leva med
Også Aleksander Øren Heen i Sp stør bustadprosjektet:
– Me er positive til at dei byggjer opp husa. Og me ynskjer å koma fram til ei løysing som naboane også kan leva med, seier Heen, som uttalar seg på vegne av Senterpartiet i Årdal.
Sandra Opheim i MDG, som også sit i formannskapet, seier ho er kjent med at det vert jobba med å få til ei politisk løysing:
– MDG vil taka stilling til eit eventuelt framlegg i kommunestyret, seier ho.
Varetransporten i dag
Ei ulempe med dagens ordning, som vist på kartet under, er at varetransporten lyt køyra gjennom heile Parkvegen ned til Farnes skule og opp Fridtjof Nansens veg. Dette inneber ein omveg på vegen mot Bunnpris.
Soleis er det fleire naboar som lyt sjå og høyra varebilane til dagleg enn dersom bilane hadde teke seg til Bunnpris på eit meir beinveges vis.

Alternativet utbyggjar foreslår
Med framlegget til ÅBB og LE gjeld dei same ulempene med mjuke trafikantar ved Farnes skule.
Men i staden for å snu og køyra tilbake etter vareleveringa, ser utbyggjaren føre seg å fjerna klossane og lata varebilane køyra gjennom «gågata», som på rett er regulert for varetransport. Då slepp varebilane å snu ved Bunnpris.

Varetransport på eigedomen til utbyggjar
I dette alternativet lyt varebilane køyra inn og også snu inne på den eigedomen utbyggjarane ynskjer fritidsareale, parkeringsplass og garasjeplass for dei nye husværa. Varebilar vil ikkje lenger køyra forbi Farnes skule og naboane i Parkvegen. Tidlegare har ÅBBL og LE sagt at ein slik variant kan setja prosjektet i fare.

Formannskapet gjorde heilomvending
Den 19. september i år gjekk eit samla formannskap godt for utbygginga i Storevegen 28 på vareleveringspremissa til Legal Eigedom (LE) og Årdal Boligbyggelag (ÅBB).
Ti dagar etter formannskapsmøtet, den 29. september, var det eit samla kommunestyre sin tur til å røysta over saka. Grunna nye innspel frå publikum, vedtok ikkje kommunestyret framlegget til formannskapet om å godtaka LE og ÅBB sin plan. I staden valde kommunestyret å utsetja avgjersla til neste heradsmøte den 30. november.
Den 7. november gjekk heile formannskapet i mot å lata varetransporten gå på det viset som dei hadde stødd opp om på formannskapsmøtet den 19. september.