NYTT TAK: Heradshuset vert stengt ut året frå 1. mars når taket skal fiksast. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NYTT TAK: Heradshuset vert stengt ut året frå 1. mars når taket skal fiksast. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Heradshuset vert stengt i fleire månader

Taket på Heradshuset i Aurland skal skiftast. I perioden med stenging skal ein vurdere kva som kan gjerast med bygget vidare.

Aurland: Heradshuset i Aurland skal gjennom ei omfattande ombygging der taket skal skiftast. I perioden 1. mars og ut året vert bygget stengt.

Leiar for kultur i Aurland kommune, Martin Hendriks, håpar no at politikarane vil gjere endå meir med bygget når ein først stengjer. Sidan kulturadministrasjonen held til her, håpar han at også ventilasjonsanlegget vert skifta ut.

– Men det er det ikkje budsjettert med i år. Samstundes har politikken bede om ein plan for huset i framtida, så no brukar me denne perioden bygget er stengt til å vurdere kva me skal gjere vidare med huset, seier han.

Positivt signal frå politikarane

Det vil ikkje innebere dramatisk endringar, legg han til, men tankar som å flytte folkebiblioteket hit eller skape eit vandresenter er i smia. 

– Ved å løyve pengar til taket, gir politikarane eit signal om at dei vil satse på Heradshuset, og så får me sjå kva dei bestemmer seg for vidare. Personleg kunne eg tenkt meg ein heis fordi ein kan utnytte etasjane betre på den måten, seier han.

Heradshuset er godt besøkt i dag med sine utstillingar og turistinformasjon. Dersom ein dyrkar det som kulturhus, vil ein også kunne søkje om spelemidlar. Dette er noko dei er i gang med å sjå på. 

Måleria må lagrast trygt

I mellomtida er det taket som vert lappa saman. Arbeidet med det startar først etter 17. mai, men bygget vert stengt allereie i mars fordi ein skal rydda og gjere klart til arbeidet. Administrasjonen flyttar over til biblioteket, og det same gjer turistkontoret.

– Og så har me kunstsamlingane som me må berge ein plass. Det er viktig med god lagring av måleria, seier Hendriks.

Til toppen