TV-SENDT KAMP: Sogndal J16 møter Skedsmo i ein TV-sendt 16-delsfinale på TV 2 Sportskanalen torsdag. Foto: Privat.
TV-SENDT KAMP: Sogndal J16 møter Skedsmo i ein TV-sendt 16-delsfinale på TV 2 Sportskanalen torsdag. Foto: Privat.

Herleg langskudd sikra siger i TV-kampen

Sogndal-jentene heldt nervene under kontroll mot Skedsmo og tok seg vidare til åttedelsfinalen i Norway Cup. 

Sogndal – Skedsmo 2-1

Sogndal: Jenter 16-laget til Sogndal er eitt av fleire lag frå Sogn som har gjort det godt i Norway Cup så langt. Torsdag er det vinn eller forsvinn for alle laga, og for akkurat desse jentene var det ei litt spesiell ramme rundt kampen.

Det avgjerande oppgjeret mot Skedsmo vart nemleg sendt direkte på TV 2 Sportskanalen og TV 2.

– Det var kjempejubel, men eg trur dei er litt nervøse. Me får satse på at dei har nervene under kontroll når kampen startar, sa trenar for laget, Jan Rune Årøy, før kampen til Porten.no. 

Og det klarte dei. Etter å ha blitt pressa tilbake av Skedsmo i 2. omgang bestemte Helena Navarsete seg for å prøve seg frå langt hald. Det første forsøket vart akkurat redda av Skedsmo-keeperen, men med blod på tann prøvde ho seg igjen frå 40 meter, og denne gjekk rett i nota.

– Det var så nære at eg måtte prøve igjen. Eg likar å prøve meg frå langt hald. No har eg lyst til å nå langt me berre kan. Eg hadde aldri trudd me kom til å klare det, så no er finalen målet, seier målscoraren til TV 2 rett etter kampen.

Årøy rosar innsatsen til jentene så langt. Sogndal vann pulja si med full pott. Der sigra dei mot Fitjar, Deveronvale Girls og Ranheim. Målet var å nå A-sluttspelet, og no blir alt ein bonus, seier Årøy. 

Åttedelsfinalen går i kveld klokka 18.30. 

Til toppen