TIL ÅRDAL: Teateret «Herr Kurz og damene» kjem til biblioteket i Årdal måndag 13. april. Foto: David Zadig.
TIL ÅRDAL: Teateret «Herr Kurz og damene» kjem til biblioteket i Årdal måndag 13. april. Foto: David Zadig.

Herr Kurz dreg med seg damene til Årdal bibliotek

Måndag blir det teater på folkebiblioteket i Årdal.

Som eit resultat av eit bibliotek- og teatersamarbeid i Sogn og Fjordane legg Aldateateret dei komande vekene ut på turné i 14 kommunar med teaterstykket «Herr Kurz og damene».

Stykket hadde premiere for eit år sidan og vart veldig godt teke imot. Nypremieren på stykket er i Gaupne. Deretter kjem teateret til folkebiblioteket i Øvre Årdal.

Der det er mogleg, skal framsyninga vera på biblioteket. Viss ikkje, blir teatert lagt til eit anna lokale i nærmiljøet. 

Seminar om arrangementsutvikling

– Då biblioteklova vart revidert i 2014, vart det presisert at biblioteka skal verea aktive formidlarar og møteplass og arena for debatt. Det krev auka kompetanse som arrangør, og teaterturneen vil gje verdifull kunnskap som biblioteka kan ta med vidare, seier fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen i ei pressemelding frå fylkesbiblioteket.

Artikkelen held fram under biletet.

HERR KURZ OG DAMENE: Dette er er historia om Herr Kurz og om forholdet til kvinnene i livet hans.
HERR KURZ OG DAMENE: Dette er er historia om Herr Kurz og om forholdet til kvinnene i livet hans.

Dei deltakande biblioteka har difor vore på seminar for å lære meir om arrangementsutvikling. Gjennom samarbeid med teatera får folkebiblioteka vidareutvikla eigen formidlingskompetanse og lære korleis ein kan synleggjere biblioteket som arrangør.

Drama med utspring i historia

Teateroppsettinga «Herr Kurz og damene» er eit drama med utspring i historia om den tyske kunstmålaren og forfattaren Karl Friedrich Kurz som budde i Vårdal i Askvoll i perioden 1924 til 1950. 

Sjølv om han var lite kjend i Noreg, var han var ein anerkjend og svært populær forfattar i det tyske språkområdet på 1930-talet. Han skreiv totalt 31 bøker, og ei rekkje av desse var prega av inntrykka frå det norske landsskapet og bygdemiljøet. Boka «Herskap ved fjorden» er einaste bok omsett til norsk. 

«Herr Kurz og damene» er historia om Herr Kurz og om forholdet til kvinnene i livet hans. Rolf Losnegård har skrive manus, Kyrre Eikås Ottersen spelar Herr Kurz, medan Idun Losnegård spelar alle kvinnerollene. 

Til toppen