BILUTLEIGE: Hertz sin nye utleigestasjon er lokalisert sentralt i Sogndal på taket til AMFI Sogningen. Her frå opninga med senterleiar William Tangerud, Tor Arne Ness frå Toyota Sogn, og stasjonsleiar Peter Sundberg.
BILUTLEIGE: Hertz sin nye utleigestasjon er lokalisert sentralt i Sogndal på taket til AMFI Sogningen. Her frå opninga med senterleiar William Tangerud, Tor Arne Ness frå Toyota Sogn, og stasjonsleiar Peter Sundberg. (Øyvind Nondal)

Hertz opna utleigestasjon på AMFI Sogningen

Landets første utleigestasjon på taket til eit kjøpesenter.

Sogndal: I dag utvida Hertz med ein ny utleigestasjon plassert på taket til AMFI Sogningen. 

Stasjonsleiar Peter Sundberg seier til Porten.no at så langt dei har kunne sjekke, er dette landets første utleigestasjon på taket til eit kjøpesenter.

Han trur også det er god marknad for bilutleige sentralt i Sogndal.

– I 3,5 år har Hertz vore etablert i Sogndal sentrum gjennom eit samarbeid med Quality Hotel. Veksta har i følgje Sundberg vore utruleg bra.

SENTRALT: Hertz har funne sentral plassering når dei etablerte seg på taket til AMFI Sogningen.
SENTRALT: Hertz har funne sentral plassering når dei etablerte seg på taket til AMFI Sogningen. Bilde: Øyvind Nondal

Satsar nytt

– No er tida inne for å finna noko nytt, og då fall valet på AMFI Sogningen. Lokaliteten vi tek i bruk er særs godt eigna til drifta, seier han.

Frå tidlegare har Hertz i Sogndal utleige på flyplassen og i Kaupanger. I alt har Hertz gjennom ANI Gruppen drive bilutleige i Sogn i over 25 år, og har nærare 100 bilar tilgjengeleg i Sogn og Sunnfjord. Dette omfattar både personbilar, varebilar og bussar.

Sundberg seier at Hertz er leiande i bransjen på nytenking og innovative IT-løysingar, noko som betyr større tilgjenge og mobilitet for kundane. 

– I dag kan ein tinga bil med app for smarttelefonar, og på sikt skal det verta muleg å henta og levera bilnøklar med pinkode ein får i appen også, avsluttar han.

Til toppen