Kaupanger: – Me har prøvd å ha eitt travløp i året dei siste fem åra sidan me åpna travbana, fortel arrangør Marianne Vikheim.
Travsporten den eldste organiserte konkurranseidretten i Norge. Sogn travselskap vart stifta i 1886, som eitt av dei eldste i landet.
10 aktive travhestar

Travlaget har omtrent 50 medlemmar og omtrent 10 aktive travhestar, som er eigd av medlemmar i laget og blir trent lokalt i Sogn.
– Før i tida hadde me iskøyring på Dalavatnet om vinteren, men etter at travbana offisielt blei opna har me ikkje hatt det. Difor prøver me å ha ei lokal køyring ein gong i året.
Lokale premiar
Konkurransen har ikkje pengepremiar, men pokalar.
Travhestmiljøet er størst på Vestlandet og Vikheim fortel at dei fleste som er med på konkurransen kjem frå Sunnfjord, Sogn og bergenstraktene.
– Fordi me valde å arrangera travløpet i mai i år blei det litt færre påmelde på grunn av konfirmasjon og slikt.
Aktivitetane i Sogn gjekk òg utover talet publikum som var til stades.
– Det såg ut som dei som var her hadde det veldig kjekt. Dei hadde sjansen å sitta på og køyra nokre rundar. I tillegg hadde me ein svært dyktig speaker i leiaren av Vestenfjeldske Travforbund. Han lagde svært god stemning, seier Vikheim.
