Kaupanger: Politikarane i Sogndal skal torsdag vedta om dei skal kjøpa ridebana på Kaupanger for tre millionar kroner.
– Det vil hjelpa voldsomt på i den satsinga me har tenkt å gjera, seier Agna Hollekve, som er ein av drivkreftene bak dei store ambisjonane til hestemiljøet i kommunen.
Dei har nemleg søkt om spelemidlar til å bygga stall, og laga ei stor ridebane med faste hinder, til saman investeringar til rundt 1,8 millionar kroner.
Målet er tiltrekka fleire til sporten.
– Me ønskjer å ha ein rideskule, slik at dei som ønskjer kan koma hit og leiga seg ein hest, læra å køyra og ri, vera med på kurs og slikt. I dag må du ha eigen hest for å vera med, då er det vanskeleg å rekruttera, seier Hollekve.
- Les óg: Agna og Rånni Pånni tok NM-gullet heim til Sogndal
- Les óg: Hestar frå heile Vestlandet møtte på Kaupanger for å konkurrera

Lever på nåde
Hestemiljøet betalar i dag 55.000 kroner i leige kvart år til grunneigar Andreas Bøthun, men summen kunne ha vore fleire gongar høgare. I så fall hadde det vore vanskeleg å få til den utviklinga dei har greidd til no.
– Andreas har vore vår største sponsor i alle år, seier Hollekve.
Om kommunen kjøper grunnen, kan hestefolket bruka området vederlagsfritt dei neste femti åra. Det sikrar like vilkår som andre idrettsanlegg i kommunen, og vil gjera det lettare å tenka langsiktig når det gjeld investeringar.

– Me har eigentleg eit veldig fint anlegg, og eit kjempefint miljø, så alt ligg til rette her, seier Hollekve.
Håpar på drahjelp
I formannskapet ba Christen Knagenhjelm (V) om at saka vart utsett til ho var betre utgreidd. Arne Glenn Flåten (H) stemte for utsettingsforslaget, men føyde seg til fleirtalet når det vart nedstemt.
Hollekve håpar politikarane i Sogndal stiller seg bak kjøpsplanane, slik at dei får føreseilege rammer for satsinga dei har sett i gang.
– Eg håpar rideskulen kan bli såpass stor at me kan ha nokon som er tilsett her som kan ha kurs og aktivitetar her på heiltid. Det skal bli ein kjekk plass å komma og ta ein kaffikopp, for det er er alltid hestafolk å prata med. Det er det me prøver å få til, seier Hollekve.