FORLENGA: Jonas Heggestad Hestetun frå Årdal forlenga kontrakten sin med Fana og skal spela 2. divisjonsfotball også neste sesong, skriv klubben på si heimeside. Foto: Kent Roar Nybø/Fanaposten.
FORLENGA: Jonas Heggestad Hestetun frå Årdal forlenga kontrakten sin med Fana og skal spela 2. divisjonsfotball også neste sesong, skriv klubben på si heimeside. Foto: Kent Roar Nybø/Fanaposten.

Hestetun forlenga med Fana

Jonas Heggestad Hestetun frå Årdal har forlenga kontrakten med Fana.

Før helga skreiv Fana på si heimeside at årdølen hadde signert under på ein ny kontrakt med 2. divisjonsklubben. 

Fana kom på ein 10. plass i 2. divisjon denne sesongen berre tre poeng over nedrykk. Hestetun, som er kaptein, vart toppscorar for dei raude- og kvitstripete med ni scoringar.

– Hestetun er ei svært viktig signering – dels som leiartype, men først og fremst som førebilete og er blant få fotballspelarar i Bergen som luktar på tittelen toppidrettsutøvar. 

– Samstundes er det ikkje til å stikka under ein stol at målfarlege midtbanespelarar ikkje veks på tre, skriv klubben på si nettside

Til toppen