DEBUTERTE: Jonas Heggestad Hestetun (23) frå Årdal spelte sin første kamp i 1. divisjon denne helga då han starta for Åsane mot Tromsdalen. Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no.
DEBUTERTE: Jonas Heggestad Hestetun (23) frå Årdal spelte sin første kamp i 1. divisjon denne helga då han starta for Åsane mot Tromsdalen. Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no.

Hestetun om debuten: – Var meir nervøs då eg debuterte for Krossen​

Jonas Heggestad Hestetun fekk sin debut i 1. divisjon denne helga, men pulsen var høgare då han spelte sin første A-lagskamp som tenåring. 

Årdal: Gradvis har 23-åringen frå Årdal tatt stega i Fotball-Noreg, frå 3. divisjonsfotball med Årdal, via Fana, der han også var kaptein, og no til debut i 1. divisjon for Åsane. 

– I utgangspunktet var det veldig moro, men det gjekk ikkje så bra, så det er ei litt «bittersweet» oppleving, seier han om debuten, som enda med 0-2-tap mot nyopprykka Tromsdalen.

– Korleis var nervene før kampen?

– Eg trur nok at eg var meir nervøs då eg debuterte som tenåring under Krossen (Nils Tore Krosshaug, tidlegare Årdal-trenar journ. anm.) i 3. divisjon, så eg har blitt litt eldre, men eg kjente litt på det, smiler han.

– Har meir å bevisa

Årdølen spelte frå start og fekk 68 minutt mot Tromsdalen. Hestetun var kaptein i gamleklubben Fana og fekk no sjansen frå start i serieopninga. Sjølv ante han at han kunne få den sjansen etter å ha spelt mykje i vinter, men om eigen prestasjon mot Tromsdalen er han dønn ærleg.

– For å vere ærleg er eg skuffa over eigen prestasjon, både individuelt og lagmessig. Det har nok kanskje litt å gjere med at heile laget ikkje fungerte heilt som det skulle. Eg føler absolutt at eg har meir å bevisa, men blir eg sett på benken, skal eg takle det også, seier han. 

Vil spela på høgast mogleg nivå

Frå nyopprykka Tromsdalen ventar no «nynedrykka» Bodø/Glimt, som truleg blir å kjempe i toppen og dermed blir ein av dei største konkurrentane for eit Åsane-lag med ambisjonar.

– Eg både trur og håpar at me skal bita godt frå oss. Målsetnaden vår er kvalikplass. Det er ein offensiv målsetnad, men me meiner det er mogleg.

– Kva med eigen ambisjonar?

– Først og fremst er det kjekt å spela fotball. Eg kombinerer dette med ei 75 prosent stilling som fysioterapeut. Samstundes har det vore eit mål å spela på høgaste mogleg nivå, så får me sjå kor godt eg taklar dette nivået, for først vil eg visa at eg er god nok for 1. divisjon.

Til toppen