FYLKESORDFØRAR: Anne Gine Hestetun skal vera fylkesordførar for Hordaland ut året. Då trer Vestland fylkeskommune i kraft, der Jon Askeland er nyvald fylkesordførar.
FYLKESORDFØRAR: Anne Gine Hestetun skal vera fylkesordførar for Hordaland ut året. Då trer Vestland fylkeskommune i kraft, der Jon Askeland er nyvald fylkesordførar.

Hestetun opna første vestlandsting med å ønska Rogaland og Sunnmøre velkomen

– Eit sterkt Vestland er ein føresetnad for eit sterkt Noreg, meiner ho.

Bergen: Anne Gine Hestetun (Ap) leia det første og historiske vestlandstinget fram til ny fylkesordførar vart valt. Ho nytta opningstalen til å koma med eit par klare meldingar.

– Til dei som vil ha omkamp, seier eg, den tida er forbi. Fellesnemnarane i det nye fylket er fleire enn ulikskapane, sa Hestetun då ho ønskte velkomen til møtet.

Fylkesordføraren i Hordaland var ein forkjempar for regionreforma, som ho helst ikkje vil skal stoppa med onsdagens historiske møte.

– Eg har ein draum om at Rogaland og kanskje til og med sunnmøringane vil bli med. Eit sterkt Vestland er ein føresetnad for eit sterkt Noreg, sa ho.

To i fylkesutvalet

På møtet vart Jon Askeland (Sp) vald som ny fylkesordførar med 46 røyster. Silja Ekeland Bjørkly (H) fekk 19 røyster. Natalia Golis (MDG) vart vald til fylkesvaraordførar. 

Aleksander Øren Heen (Sp) frå Årdal, Noralv Distad (H) frå Aurland og Trude Brosvik (KrF) frå Gulen vart valde inn i fylkesutvalet, som dei einaste representantane frå Indre og Ytre Sogn.

– Trist at det er slutt på Sogn og Fjordane fylke, men me skal stå på for alle innbyggjarane i Vestland. Det vert vår oppgåve no, skriv Øren Heen på Facebook.

Dei fjorten andre i fylkesutvalet er Jon Askeland (Sp), Anne Gine Hestetun (Ap), Arve Helle (Ap), Emil Gadolin (Ap), Kine Bratli Dale (Ap), Natalia Golis (MDG), Marthe Hammer (SV), Gunhild Berge Stang (V), Silja Ekeland Bjørkly (H), Svein Halleraker (H), Knut Inge Andersen (FNB), Morten Klementsen (FNB), Terje Søviknes (Frp) og Sigbjørn Framnes (Frp).

Til toppen