Jessheim: Åsane slo Ullensaker/Kisa 3-2 på bortebane i OBOS-ligaen laurdag kveld, og igjen markerte årdølen seg. På 1-0 til heimelaget fekk Hestetun ballen i føtene etter eit langt utspel frå eigen keeper som gjekk via eit Ull/Kisa hovud. Hestetun gjorde ingen feil, og plasserte ballen kontant bak keeper.
Hestetun hadde også målgivande på 3-1-målet til Åsane. Ullensaker/Kisa reduserte heilt på slutten, men det heldt inn, og årdølen sitt mål vart såleis svært viktig.