FORLENGA MED FANA: Jonas Heggestad Hestetun var på prøvespel i Åsane. No har årdølen i staden forlenga med Fana. Foto: Kent Roar Nybø/Fanaposten.
FORLENGA MED FANA: Jonas Heggestad Hestetun var på prøvespel i Åsane. No har årdølen i staden forlenga med Fana. Foto: Kent Roar Nybø/Fanaposten.

Hestetun signerte for Fana

Jonas Heggestad Hestetun var på prøvespel i Åsane. No har årdølen i staden forlenga med Fana. 

Årdal/Fana: «Det er med veldig stor glede at Fana IL Fotball kan annonsere at Jonas Heggestad Hestetun har signert ny kontrakt med klubben.»

Det skriv Fana på si eiga heimeside. Årdølen har dei siste åra vore ein viktig spelar for klubben og berer også kapteinsbindet.

For to veker tilbake kunne Porten.no melder at Hestetun var på prøvespel i Åsane, men har no altså valt å forlenga med Fana.

«Med sin store motor, leiareigenskapar og ein frykta høgrefot har fysioterapeuten utvikla seg til å bli tilnærma ein komplett midtbanespelar.»

Fana spelar i 2. divisjon og kom på 6. plass i årets sesong.

Til toppen