GJER DET GODT: ÅTIL sitt G15/16-lag gjer det svært godt i Sogn og Fjordane og kjempar om å bli fylkets beste gutelag. Foto: Alf Roger Lereng.
GJER DET GODT: ÅTIL sitt G15/16-lag gjer det svært godt i Sogn og Fjordane og kjempar om å bli fylkets beste gutelag. Foto: Alf Roger Lereng.

Hevdar seg blant dei beste i fylket

Gutelaget til Årdalstangen gjer det veldig godt for tida.

Årdal: Før onsdagens møte med Tornado Måløy toppar Årdalstangen sitt G15/16-lag tabellen, der dei kjempar mot dei beste laga i Sogn og Fjordane. 

– Det er veldig mykje positivt i denne gjengen, som består av øvringar, tangingar og lærdøler. Det fungerer veldig bra, og me er ein samansveisa gjeng, seier Joachim Furset. 

Gutelaget har verkeleg fått fart på sakene. Etter ein trøblete start med tre tap og ein uavgjort, har dei gode resultata kome som perler på ei snor.

– Me skifta taktikk og formasjon, men vart først og fremst betre kjende med kvarandre, og då snudde det fort. No er me inne i ein veldig god periode, seier Furset.

Gode resultat

Det er det ingen tvil om. Laget står med seks strake sigrar, og på dei 14 siste obligatoriske kampane har tolv sigrar, ein uavgjort og eit tap. Dei har også ein 3. plass i Dana Cup å visa til.

Onsdag kveld skal dei bryna seg på Tornado Måløy, som kan bli ein av dei store konkurrentane om å bli fylkets beste gutelag. Tornado Måløy ligg to poeng bak på tabellen. Begge har spelt to kampar.

– Målet er å gå heile vegen, og me skal gjera vårt beste uansett, seier Eirik Lereng.

Fin gjeng å vera trenar for

Frank Øyre, som trenar denne gjengen, seier det er ein veldig fin gjeng å ha ansvaret for.

– Denne gjengen er slike som eigentleg elskar å trena. Det er veldig greitt å vera trenar for ein slik gjeng fordi ting går meir på auto. Dei er veldig motiverte, seier Øyre.

– Me visste at det var bra kvalitet i laget, men mange var vande med 7-arfotball, og det er som natt og dag i forhold til 11-ar. No ser me at dei byrjar å få forståing for kva eit ledd er, og når ein skal ditt og når ein skal gjera datt. 

Oppteken av utvikling

Øyre er ikkje like oppteken av resultat som målsetting, men ønskjer å sjå betring hjå spelarane.

– Så lenge deg ser dei utviklar seg denne sesongen er eg nøgd, så får resultata koma i andre enden. 

Kveldens kamp blir spelt på Byrkjelo Stadion, etter som laga er blitt einige om å møtast på halvvegen for å korta ned reiselengda. 

G15/16 1. divisjon, haust

Plassering Lag Poeng
1. Årdalstangen IL 6
2.  Florø 4
3.  Tornado Måløy 4
4.  Førde 0
5. Syril 0
6. Eid 0
Til toppen