KJEM TIL MEIERIET: Highasakite startar turnèhausten i USA i september, deretter set dei kursen til Europa i oktober, før norgesturnèen startar i november. Der er Sogndal utvald som ein av stoppestadane. Foto: akam1k3.
KJEM TIL MEIERIET: Highasakite startar turnèhausten i USA i september, deretter set dei kursen til Europa i oktober, før norgesturnèen startar i november. Der er Sogndal utvald som ein av stoppestadane. Foto: akam1k3.

Highasakite toppar ein stjernespekka konserthaust i Sogndal

– Dei er vel det største bandet i Norge for tida, seier bookingansvarleg ved Meieriet. Nederst kan du sjå dei andre store namna som skal opptre i Sogndal utover hausten.

Sogndal: Highasakite er den første smakebiten Meieriet kjem med før det verkelege artistsleppet den 1. september. Det skal likevel bli vanskeleg å toppe dagens musikalske gladnyheit.

GLAD DUO: Jesper Nondal og Stian Sunde frå Meieriet viser fram årets store artistfangst. Highasakite spelar i Sogndal den 17. november.
GLAD DUO: Jesper Nondal og Stian Sunde frå Meieriet viser fram årets store artistfangst. Highasakite spelar i Sogndal den 17. november.

– Ikkje for å snakke ned resten av banda, men Highasakite er den største headlinaren me har i haust. Dei er me heilt i hundre nøgde med, seier Stian Sunde.

Highasakite vann Spelemannsprisen for Silent Treatment i 2014. Albumet låg på VG-lista samanhengande i nittitre veker. Det er rekord, ingen andre har greidd noko liknande.

I år har dei gitt ut ei ny plate, Camp Echo, til strålande meldingar i dei store avisene. Bandet skal mellom anna opptre under Nobels Fredspriskonsert den 11. desember. Men ein månad før det kjem dei altså ein svipptur innom Meieriet.

Likevel, indiepopgruppa er berre eitt av fleire store namn som er stadfesta utover hausten. Sogndal Kulturhus har nemleg òg jobba hardt i kulissane.

Til saman blir det ei imponerande rekkje artistar som har kryssa saftbygda av i konsertkalendaren. Høyr berre her: Oslo Ess, Jonas Alaska, Real Ones, Hanne Boel, Vamp, og no altså Highasakite. I tillegg kjem artistane Meieriet offentleggjer om litt over ei veke. 

Bookingansvarleg Stian Sunde held korta tett, men i runde vendingar avslører han likevel litt om kva vi har i vente.

– Det er mykje i P3-generasjonen. Både etablerte artistar og dei som er up-and-coming. Så eg føler me har god dekning og breidde, seier han.

Førebels kan du nyte synet av artistane som allereie er spikra:
26. august. Oslo Ess, Meieriet.
27. august. KREAM, Club:Meieriet
24. september. Jonas Alaska, Sogndal Kulturhus/Blaoboxen
15. oktober. Real Ones, Sogndal Kulturhus/Blaoboxen
3. november. Hanne Boel Akustisk Trio, Sogndal Kulturhus/Storesalen
17. november. Highasakite, Meieriet
1. desember. Vamp, Sogndal Kulturhus/Storesalen

Til toppen