TIL MÅLROCK: Lars Vaular er ein av to artistar som måndag vert annonsert som klare for årets Målrock. Sondre Justad er den andre. Foto: Erik Five Gunnerud. 
TIL MÅLROCK: Lars Vaular er ein av to artistar som måndag vert annonsert som klare for årets Målrock. Sondre Justad er den andre. Foto: Erik Five Gunnerud. 

Hihop-veteran til årets Målrock

Lars Vaular kjem til Årdal i august. Det same gjer kometen Sondre Justad.

Årdal: Det stadfestar festivalen måndag. Dei to artistane ar vore svært etterspurte til årets festival, så det er nok mange musikkelskarar som hoppar av glede ved denne annonseringa.

Det er altså ein veteran og ein relativt fersk artist som skal stå på scena i Meieriparken i august.

Lars Vaular slapp i fjor trilogien «666», der to av platene kom med på Dagbladets beste album-liste for 2015. Rapparen blandar pop, R&B og hiphop til noko som er elska blant mange nordmenn.

Det er ikkje første gongen Vaular besøker Målrock. Første gong han spelte på festivalen var i 2012. Artisten er nominert til tre Spellemannsprisar, mellom anna som beste tekstforfattar.

– Lovande alt no

«Nu har du mæ» blei ein stor hit då den vart utgiven i 2014. Songen var det Sondre Justad som stod for, og dei fleste har nok høyrt denne songen i radioen. 25-åringen frå Lofoten blir ein fersking i rekne i dette selskapet, men musikken hans er godt spreidd og likt.

I 2015 kom debutalbummet «Riv i hjertet», som har fått mykje ros hjå musikkritikarar.

– Sondre Justad er ein av dei mest etterspurte artistane til årets festival som syng på norsk, og det er svært stas at vi har fått til dette, og eg håpar at mange alt no byrjar å glede seg til august, seier festivalsjef i Målrock Katrine Clausen Fredheim. 

– Det er to ekstremt dyktige artistar innanfor kvar sin sjanger me no har klare til årets festival, og det me har klart hittil synest me er veldig lovande.

Opplevingar som set spor

Før jul annonserte festivalen at DumDum Boys skal spele på Målrock i 2016, så dermed er talet på artistar og band oppe i tre allereie åtte månadar før tonar breier seg ut mellom fjella der Sognefjorden går på land. 

Festivalensjefen fortel at 2016-utgåva vil bere preg av fjorårets der dei satse på ei forlenging av festivalen med eit spesielt fokus på friluftsliv.

– Målet med desse prosjekta er både å utvikle festivalen Målrock, samt at me ønskjer å tilby ei heilskapleg ramme rundt festivalen med opplevingar av alt det Årdal og omegn kan by på. Ønsket vårt er at mange fleire enn i dag har lyst å nytte ei heil veke av ferien sin i Årdal i august og verkeleg få opplevingar som set spor, fortel Fredheim.

Til toppen