NUMMER TO: Hilmar Høl frå Årdal er innstilt på ein andreplass på det endelege listeforslaget til nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 
NUMMER TO: Hilmar Høl frå Årdal er innstilt på ein andreplass på det endelege listeforslaget til nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.  (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Hilmar Høl på andreplass på Ap-lista

Årdølen er innstilt på ein andreplass, bak Ingrid Heggø. 

Det er klart etter at nominasjonsnemnda i Arbeidarpartiet kom med sitt endelege listeforslag fredag. 

Nominasjonsnemnda møttest torsdag for å diskutere lista og har kome fram til at dei vil innstille Ingrid Heggø med årdølen Hilmar Høl på ein andreplass. 

Sogn og Fjordane Arbeidarparti skal ha nominasjonsmøte den 5. november i Sogndal. 

Slik ser lista ut

  1. Ingrid Heggø 
  2. Hilmar Høl 
  3. Torbjørn Vereide AUF – fem stemmer
    Helge Robert Midtbø – fire stemmer
  4. Kristin Maurstad  
  5. Helge Robert Midtbø – fem stemmer
    Torbjørn Vereide – fire stemmer
  6. Solveig Willis  
  7. Silje Viktoria G. Vallestad
  8. Arve Helle
  9. Siri Sandvik
  10. Stig Ove Ølmheim
Til toppen