ORDFØRARKANDIDAT: Hilmar Høl vil gje Anne Kauppi kamp om ordførartittelen.
ORDFØRARKANDIDAT: Hilmar Høl vil gje Anne Kauppi kamp om ordførartittelen. (Foto: Jostein Vedvik)

Hilmar Høl vil gje Anne Kauppi kamp om ordførartittelen

Tysdag presenterte Årdal Arbeidarparti sitt fyrste listeframlegg før valet i 2019. På fyrsteplass ligg Hilmar Høl, etterfulgt av Anne Kauppi.

Årdal: – Eg ser på Anne som ein utfordring, men det er naturleg både for Anne og fleire sterke damer å vera motkandidat i ein nominasjon, seier Hilmar Høl som ligg på fyrsteplass framanfor Kauppi før valet. 

Vil jobba hardt for å nå sine politiske mål

Han peikar på at etter 20 år med ein sterk ordførar vil det vera fleire naturlege kandidatar som stiller til val. 

– Det er sånn det skal vera. Til liks med Kauppi har eg tenkt å jobba hardt med å nå mine politiske mål og bli ordførar. 

Høl meiner at etter mange år med erfaring er tida inne for at han kan bli ordførar i Årdal.

– Det har vore målet mitt lenge. Eg føler at eg har opparbeidd meg nok erfaring og læring som gjer til at eg kan handtera jobben som ordførar. 

Mange år med erfaring

Høl har mange år som erfaren politikar bak seg før valet i 2019.

– Dette er min femte periode, snart 20 år, som kommunestyremedlem og eg har erfaring frå formannskapet i 16 av dei. Eg har vore partileiar i Årdal i ni år og i fire år har eg vore leiar for Sogn og Fjordane Arbeiderparti, samt to periodar i Fylkestinget. 

– Klart Kauppi ikkje skal gje seg utan kamp

Han er glad for tilliten han har fått og vil jobba hardt for å halda på tilliten til medlemane. 

– Det er medlemane som bestemmer kva kandidat det blir, men eg er einig med Kauppi om at me skal ha ambinasjonar for oss sjølve. 

Sjølv om han og Kauppi går ein kamp i møte er han ikkje i tvil om at det er sånn det skal vera. 

– Klart ho ikkje skal gje seg utan kamp, me skal ha det sånn. Dette gjer oss ikkje til uvenner men det er ein posisjon fleire vil ha og det må me respektere. 

Til toppen