TRENING SOM MEDISIN: Hilmar Vedvik har fått ny energi og livsglede av daglege treningsøkter med tilsette i kommunen. – No får eg prøva å halda det ved like sjølv, seier han.
TRENING SOM MEDISIN: Hilmar Vedvik har fått ny energi og livsglede av daglege treningsøkter med tilsette i kommunen. – No får eg prøva å halda det ved like sjølv, seier han.

Hilmar tek tilbake kvardagen med trening​

– Det er over all forventning at det har gått så fort. Eg ser lysare på det no, seier han.

Kaupanger: Hilmar Vedvik bur nede i Amla på Kaupanger. Ti gonger i veka får han besøk av tilsette i kommunen og saman går dei gjennom diverse øvingar som skal gjere han sterkare i beina.

– Det er bra greier, det tykkjer eg, seier Hilmar etter at han har fått tilbake pusten etter dagens økt.

På kort tid har han fått både beinstyrken og livsgnisten tilbake. Sjølv hadde pensjonisten aldri trudd at treninga skulle gje slik effekt.

– Ikkje så fort. Det er ganske utruleg, seier han.

Les også: Seniorar byr opp til dans
Les også: Desse damene starta handballeventyret

– Natt og dag

Treninga byrja han med i midten av desember. Då var det så vidt han greidde å reise seg frå stolen, no tek han ti repetisjonar utan å støtte seg til noko. 

– Det er voldsomt. Det var ikkje rare greiene eg fekk til før, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

NYTT HÅP: Severina Vedvik gler seg over framgangen til ektemannen, men ser gjerne at han blir enno sprekare. – Me får håpa han kjem seg så mykje at han kan køyra bil, så me får komt oss rundt litt. Det har me ikkje gjort i det siste, seier ho.

Kona Severina utdjuper:

– No kan han gå utan gåstol, han kan leggja seg og stå opp att sjølv, kle på seg, gå ned treppene, hente ved og gå opp att. Det kunne han ikkje før han byrja å trena. Det er natt og dag, seier ho.

– Og så er han i mykje betre humør, et betre og har lagt på seg. Då er det godt for meg òg, seier Severina, som fortel at ho sjølv var langt nede då ho såg at ektemannen omtrent berre ville sitte i godstolen.

Lengtar etter skogen

Hilmar er ein av dei første i Sogn som testar ut kvardagsrehabilitering, ein ny metode i heimesjukepleien som no sprer seg over heile landet. Tanken er å gripe inn med tilrettelagt trening, helst før dei eldre vert så svake at dei treng hjelp til daglegdagse gjeremål.

MOTIVERT: På ein månad har Hilmar Vedvik blitt så sterk at gåstolen snart kan parkerast. No gler han seg til snøen er vekke så han får komt seg ut på tur.
MOTIVERT: På ein månad har Hilmar Vedvik blitt så sterk at gåstolen snart kan parkerast. No gler han seg til snøen er vekke så han får komt seg ut på tur.

Ein viktig del av metoden er å sette seg mål som skal gje motivasjon til treninga. For Hilmar er eitt av måla å kunne gå fire hundre meter opp til Heiberg-garden og ned att for eiga maskin, ein tur han gjekk ofte før beina svikta.

– Der får eg både motbakke og unnabakke og fart i pusten, seier Hilmar om kvifor han liker å gå akkurat der.

– Når snøen er vekke då fer eg rakt oppi skogen. Det hadde no vore bra greie det, veit du.

Til toppen