Årdal: Ein 19 år gamal årdøl vart sett bak lås og slå i natt etter eit lite hyggjeleg møte med politiet. Hendinga skjedde ifølgje twittermeldinga til politiet klokka 23.54 i Storevegen i Øvre Årdal.
Det står ikkje kva som var forløpet, eller om alkohol skal ha vore inne i biletet. Men årdølen var i allefall såpass hissig at han sparka til den eine politimannen, eller tenestepersonen som det visst heiter.
Ingen tenestepersonar kom til skade. Men årdølen måtte overnatta i kasjotten og ikkje heime på si eiga varme pute.