- Artikkelen vart fyrste gong publisert i 2007 i desember-utgåva av Årdal før og no, ei medlemsavis hjå Årdal Sogelag. Teksten er publisert på Porten.no etter avtale med styret i Årdal Sogelag. Arne Eldegard gjekk bort i mars i fjor, like etter at han hadde passert 100 år.
Årdal: Det skal vel noko til i ei bygd på storleik med vår at alle kjenner alle, men nemner du han Arne i banken, han Arne på Moa, han Arne Eldegard, eller rett og slett han Arne, er sjansane store for at den du snakkar med nikkar gjenkjennande.