Historisk bryllaup i Borgund stavkyrkje

I samband med nyopninga av kongevegen frå Lærdal, over Filefjell til Valdres, fekk me vere med på eit utruleg flott historisk bryllaup.
 

Borgund: Laurdag var den offisielle opninga av den gamle kongevegen mellom Valdres og Sogn. I samband med dette hadde Sogn bunadnettverk laga til eit historisk bryllaup i Borgund Stavkyrkje.

Det var mange som deltok i bryllaupet og synast det var kjekt å sjå på. Mange av dei frammøtte på Rimskjold, nedst i Vindhellavegen, gjekk kongevegen bort til Borgund Stavkyrkje for å få med seg bryllaupet.

Det var ei brur fra frå Indre Sogn som skulle gifte seg med ein brudgom frå Øvre Valdres. Eit slikt bryllaup gav oss innblikk i korleis folk i desse områda kledde seg til fest på 1800-talet.

Flott bryllaup

Både brudeparet og gjestene deira var kledd i flotte og rekonstruerte bunadar, frå kvart sitt område. Bryllaupet var iscenesatt som eit ekte bryllaup.

Bryllaupet byrja ved at brurfølgje frå Valdres og Sogn kom frå kvar sin kant. Dei møttest på kongevegen og kom deretter saman til Borgund stavkyrkje. Ved kyrkja venta presten og han ynskte velkommen til bryllaup. Presten var Carl Philip Weisser og han var kledd i eldre samarie og prestekrage

På kyrkjebakken fortalte kjøgmeistaren, som laurdag var Henning Andersen, om skikkar kring bryllaup. Kjøgmeistaren var kledd i klede frå Øvre Valdres.

Brudeparet gjekk saman med gjester og presten inn i kyrkja. Det var fritt fram for dei frammøtte om dei ville vere med inn å sjå eller stå ute å vente til dei var gift.

Etter bryllaupet var det felespeling av spelemennene Henning  Andersen og Synnøve Bjørset. Menn, kvinner og born, kledd i flotte bunadar, delte ut blant anna krumkaker, moreller og bringebærsaft til dei mange frammøtte.

 

Til toppen