HISTORISK: For første gong i historia fekk ein representant for Senterpartiet overlevere fullmakta til stortingspresidenten, her ved Liv Signe Navarsete.
HISTORISK: For første gong i historia fekk ein representant for Senterpartiet overlevere fullmakta til stortingspresidenten, her ved Liv Signe Navarsete. (Bilde: Lars Vangen/Senterpartiet)

Historisk dag for Navarsete og Senterpartiet

For første gong i historia vart det ein representant for Senterpartiet som benkeleiar, og som leverte fullmakt til stortingpresidenten.

Oslo/Lærdal: Etter å ha gjort det beste stortingsvalet på over 20 år var det ei nesten dobla stortingsgruppe frå Senterpartiet som konstituerte seg i dag.

I Sogn og Fjordane vart Senterpartiet det største partiet etter stortingsvalet. Dermed vart det for første gong i historia ein representant for Senterpartiet som benkeleiar, og som leverte fullmakt til stortingpresidenten.

–  Det var ein høgtidleg augneblink, og eit synleg teikn på det gode valresultatet i Sogn og Fjordane. Eg håpar at eg som leiar av stortingsbenken kan leggje til rette for eit godt samarbeid på benken og mellom stortingsbenken og heimfylket, seier Navarsete i ei pressemelding frå Senterpartiet.

Senterpartiet gjekk fram heile 9,1 prosent frå førre stortingsval i Sogn og Fjordane og enda med eit resultat på 29,7 prosent. 

Navarsete seier det gode resultatet motiverer ho til jobben som ventar dei komande fire åra. 

– Eg skal saman med stortingsgruppa forvalte tilliten så godt råd er. Me skal arbeide vidare med ein tydeleg politikk for tenester og arbeidsplassar nær folk, tryggleik i lokalsamfunna, matproduksjon i heile landet og forvalting av naturressursar som gir grunnlag for busetjing og arbeid til folk, seier Navarsete.

Til toppen