OPNING: I helga opnar Kongevegen offisielt. Mellom anna kjem vegdirektør Terje Gustavsen Moe til Lærdal for å klippe snora. Foto: Ina Eirin Eliassen. 
OPNING: I helga opnar Kongevegen offisielt. Mellom anna kjem vegdirektør Terje Gustavsen Moe til Lærdal for å klippe snora. Foto: Ina Eirin Eliassen. 

Historisk Filefjell-veg opnar fredag

Etter sju års opprusting av den gamle Kongevegen mellom Sogn og Valdres over Filefjell er det endeleg klart for høgtidleg opning og fest på Lærdalsøyri fredag og i Vang laurdag.

Lærdal: Sherpaer frå Nepal har hjelpt til med å lage nye murar og restaurere fleire av steinbruene langs vegen. Elles er det rydda i vegetasjonen mange stader langs den 223 år gamle vegen, og det er sett opp skilt og pynta.

Prosjektleiar Jan Adriansen i Statens vegvesen er glad for å komme i mål, men fryktar samtidig at vegen igjen skal forfalle.

– Eg håper det ikkje går med Kongevegen som med mange andre kulturminne i Noreg: Når snora i klipt, drar folk frå staden, og ti år seinare ser det like ille ut igjen. Det er no det verkelege arbeidet startar, seier Adriansen til Bergens Tidende.

Han fortel elles om enorm interesse for det langvarige prosjektet.

– Tallause menneske har bidratt på dugnad, og det er flott at mange av desse kjem på opningsseremonien. Gallionsfigurar som klipper snorer, er fint, men det er menneska bak som har betydd mest, seier Adriansen.

Kongevegen stod i 1793 ferdig som den første køyrbare vegen mellom aust og vest. I 2014 fekk vegen Vegdirektoratets Vakre vegar-pris.

Målet med prosjektet har vore å gjere vegen meir attraktiv og tilrettelagt for reiselivssatsinga på begge sider av fjellet, og samtidig dokumentere og vedlikehalde det nasjonale kulturminnet. (©NPK)

Til toppen