GODT RESULTAT: Eit årsresultat på 352 millionar kroner etter skatt er det beste i Sparebanken Sogn og Fjordane si historie. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
GODT RESULTAT: Eit årsresultat på 352 millionar kroner etter skatt er det beste i Sparebanken Sogn og Fjordane si historie. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Historisk godt resultat

Eit årsresultat på 352 millionar kroner etter skatt er det beste i Sparebanken Sogn og Fjordane si historie.

Årdal: Det skriv banken i ei pressemelding torsdag. Resultatet er 34 millionar kroner betre enn i fjor. Dette skuldast godt vekst i netto renteinntekter, vinst frå aksjar og lågare pensjonsforpliktingar, heiter det i pressemeldinga.

Dette kjem i ei tid med store endringar i bankstrukturen. Mellom anna har både Sparebanken Vest og DNB nyleg gått ut og sagt at dei skal kutte i tal tilsette.

Det har ikkje Sparebanken Sogn og Fjordane planar om, skriv dei. På Jølster var det tidlegare elleve heiltidsstillingar og tre filialar.  I dag er kontantane borte og kundane blir betjente av to tilsette som er to dagar på Skei og tre dagar på kontoret i Førde. 

– Ei god ordning som både me og kundane trivast godt med, seier Iselin Sunde og Anne Marie Håheim. 

Elles har banken lite investeringar i oljerelaterte verksemder og er difor lite eksponert på denne fronten. Men med låg lønsvekst, krone og rente, er det betre tider for fiskeri, havbruk og reiseliv. 

– Alle til dels store næringar i fylket der investeringslysta er stor. Banken har kapasitet og vilje til å finansiere gode prosjekt.  Totalt legg vi difor opp til ein auke i utlåna til næringslivet også i 2016. 

Til toppen