NO ER DEI I GANG: Årdalsklubben 4H hadde sitt første møte i klubben onsdag kveld. Foto: Åge Avedal
NO ER DEI I GANG: Årdalsklubben 4H hadde sitt første møte i klubben onsdag kveld. Foto: Åge Avedal

Historisk møte for Årdalsklubben 4H

Onsdag ettermiddag hadde 4H sitt aller fyste oppstartsmøte i Årdal. På Gamleskulen brukthandel og aktivitetssenter var det godt oppmøte med gode innspell og idear frå både foreldre og born.

Åge Avedal, dagleg leiar for 4H i Sogn og Fjordane styrte det aller første møtet for klubben. 

Ferskt klubbnamn

Det vart duka for avstemning om kva 4H klubben i Årdal skulle heite, og då var det borna – altså medlemmane som fekk bestemme. Blant dei kreative namna var det Årdalsklubben 4H, Galningane 4H, Sprekingane 4H med meir. Etter ei artig og intens avstemming landa valet på Årdalsklubben 4H.

Borna bestemmer

– Eg gleder meg til å byrje, seier ein av dei nyaste og fyrste medlemmane av klubben Joacim Lindstrøm Hestetun.

Kvar klubb under 4H har eigne styre. Det er borna som bestemmer og skal vere leiarar, nestleiarar, kasserar . Det er dei vaksne som blir det Avedal og 4H kallar klubbrådgjevarar. Jobben deira blir å diskutere og planlegga aktivitetar. Det å vera klubbrådgjevar går også ut på å hjelpa borna med det dei ynskjer å gjennomføre.

 Det er godt å sjå at borna og ungdommen får meir variert tilbod enn berre fotball og handball, seier nyinsatt klubbrådgjevar Stein Inge Lomheim.

Spreke forslag

Engasjementet låg sterkt hos borna også då dei skulle fortelje om aktivitetane dei ville ha med i klubben. Spreke forslag som ski, fisking, turn og rappellering falt i smak, der resultatet blir å få ulike aktivitetar inn i kvar si temadag, i tillegg til leike- og turdagar.

Det vart bestemt i einigheit at 8. desember arrangerer Årdalsklubben 4H ein dag med kunst og handverk med jul som tema.

 

 

Til toppen