TILDELT PENGAR: Årdal FK søkte og blei tildelt 844 000 kroner til klubbhusdelen av tribuna. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TILDELT PENGAR: Årdal FK søkte og blei tildelt 844 000 kroner til klubbhusdelen av tribuna. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Historisk mykje spelemidlar til fylket

Sogn og Fjordane fekk i år 37 millionar i spelemiddelkroner til 60 anlegg i fylket.

Tysdag fordelte hovudutvalet for kultur pengane til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv over heile fylket. 

Dei 37 millionane som fylket vart tildelt var ni millionar meir enn i fjor. 

– Noko av grunnen til det er fleire søknader frå Sogn og Fjordane i år enn i fjor. Søknadsbunken vaks frå 189 søknadar i 2014 til 246 søknadar i år. Ei anna viktig årsak er at eit større overskot frå Norsk Tipping no går til idrettsføremål, heiter det i pressemeldinga.

Der blir det peika på at ei av årsakene til veksten i talet på søknader er systematisk arbeid med å kvalitetssikra søknadene. Dei siste åra har fylkeskommunen samarbeidd tett med idretten, lokale lag og organisasjonar og kommunar for å få fram gode søknader, som igjen sikrar fleire kroner til fylket.

Forderlinga av spelemidlane vart klar tysdag, og i Sogn og Fjordane er det 60 anlegg som får pengar til anten å etablera nye anlegg eller rehabilitera eksisterande. 

I Årdal har Årdal FK fått løyvd 844 000 kroner til klubbhus, eller ordinært anlegg styrt av kommunale planar. I Lærdal har idrettslaget fått 700 000 kroner til rehabilitering av PSB-haldige lysarmaturar, medan kommunen har fått 142 000 kroner til etablering av dagsturhytte.

Til toppen