Historisk reise med raud tråd

Historisk reise med raud tråd

Onsdag ettermiddag inviterte LO Årdal til den historiske reisa "Den røde tråden" i samfunnshuset i Øvre Årdal. 

Hengte opp ein raud tråd på scena

Dette var ei 75 minutt lang førestilling med bileter og songar som fortalde arbeidarrørsla si historie, heile tida knytt opp rundt lovfesta kamprettigheitar som er kjempa fram. Desse vart hengt opp som A-4 ark på ein raud tråd på scena. 

RAUD TRÅD: Historiske rettiigheitar som er kjempa fram i løpet av historia, var den raude tråden i framsyninga etter kvart som kvar einskild lapp vart hengt opp
RAUD TRÅD: Historiske rettiigheitar som er kjempa fram i løpet av historia, var den raude tråden i framsyninga etter kvart som kvar einskild lapp vart hengt opp

Det var Fagforbundet Vestfold som starta opp prosjektet "Den røde tråden" som eit kulturprosjekt i 2008, der målet var å fremja arbeidarsongkulturen. Prosjektet vart såpass populært at "Den røde tråden" beståande av Oddvar Myklebust, Nina Andresen og Malin Skjolde har opptredd fleire gonger landet rundt etter den tid.

Delt inn i sekvensar

Trioen framførte songar og korte verbale innslag frå arbeidarrørsla si barndom, samt nyare songar, der dei fekk med seg publikum i salen.

Forestillinga var delt inn i fire sekvensar; "Industrialiseringa frå midten av 1800-talet", "Byen, demonstrasjon og vegval", "Arbeidarrørsla i krisetid" og den "Den første regjeringsdanninga og oppbygging av landet etter krigen".

75 INTENSE MINUTTAR: "Den røde tråden" har hatt framsyningar rundt om i det ganske land. Onsdag var turen komen til Samfunnshuset i Øvre Årdal
75 INTENSE MINUTTAR: "Den røde tråden" har hatt framsyningar rundt om i det ganske land. Onsdag var turen komen til Samfunnshuset i Øvre Årdal

- Synleggjer verdigrunnlaget vårt

- Eg tykkjer "Den røde tåden" er ei fantastisk framsyning av arbeidarhistoria vår. Den synleggjer verdigrunnlaget vårt, seier leiar i Fagforbundet i Årdal, Hege Therese Olsen til Porten.no etter framsyninga.

Ho fortel at ho såg forestillinga under Fagforbundet Sogn og Fjordane sitt representantskapmøte i fjor, og tykte det var så bra at ho spurde LO-leiar i Årdal, Jan Bent Høyum, om dei kunne få den "Den røde tråden" til Årdal også. LO-styret i Årdal såg positivt på dette.

Skuffa over oppmøtet

Rundt 60 personar møtte fram for å få med seg førestillinga onsdag.

- Er du nøgd med oppmøtet? 

- Nei, eg er litt skuffa. Eg trur kanskje at folk flest misforstod litt og trudde dette kun var for den "harde kjerna i Arbeiderpartiet", og ikkje for folk flest, slik det nettopp var, seier Olsen.

Før forestillinga heldt Hilmar Høl nokre velvalde ord om samhald, kamp og solidaritet, medan ordførar Arild Ingar Lægreid til slutt takka dei tre for underhaldninga med boka "Kamp, krefter og kunnskap" skrive av Johs. B. Thue, Aage Engesæter, Oddvar Natvik og Steinar Lægreid som gåve.

LEIAR I FAGFORBUNDET: Hege Therese Olsen tykkjer "Den røde tråden" er ei fantastisk framsyning som synleggjer verdigrunnlaget i arbeidarrørsla
LEIAR I FAGFORBUNDET: Hege Therese Olsen tykkjer "Den røde tråden" er ei fantastisk framsyning som synleggjer verdigrunnlaget i arbeidarrørsla
Til toppen