Historisk veg opna etter restaurering

Kongevegen over Filefjell vart laurdag offisielt opna, med snorklypp av vegdirektør Terje Moe Gustavsen. Lærdal og Vang kommune har samarbeida om restaureringa, av den historiske vandreruta mellom aust og vest.

Lærdal/Borgund/Vang: Etter sju års opprusting av den gamle kongevegen mellom Sogn og Valdres, over Filefjell, var det endeleg klart for opning.

Markeringa starta fredag med omvising i gamle telegrafen, samt vandring gjennom Lærdalsøyri. Det var byantikvar Halvard Trohaug og lokalhistorikar Kåre Hovland som var guidar nede på gamle Lærdalsøyri. Resten av dagen bestod av sosialt samvære og dei frammøtte kunne høyre musikkinnslag frå Long Horn.

Laurdag var det duka for høgtideleg opningsseremoni, med snorklypp ved Rimskjold nedst i Vindhellavegen. Dei mange frammøtte fekk med seg talar og underhaldning før dei starta vandringa i Vindhella.

Det blei servert kjøtt og Lærdals grønsakssuppe som var blitt laga av Green Norway, dei som driv villakssenteret sin restaurant.

Sjå biletegalleri øvst i artikkelen

Underhaldning og talar på opningsseremonien

Seremonien laurdag byrja med talar frå ordføraren i Lærdal og ordføraren i Vang.

- Me har vert gjennom ei reise i fleire år og det er brukt mykje offentlege peng. Det er ikkje alltid like populært, men i dette prosjektet her er det ingen som har vore negative. Prosjektet har vore ein glede, seier ordføraren i Lærdal, Jan Geir Solheim. 

Ordførarane takkar alle som hadde vore med å bidrege i dette prosjektet

- Det er mange som har bidrege under dette prosjektet og me vil takke dei for arbeidet. Me har lyst at Terje Moe Gustavsen og Jan Adriansen skal få ein spesiell takk, seier ordføraren i Vang, Vidar Eltun. 

Prosjektleiar Jan Adriansen og entreprenør Geir Vetti fortel at det har blitt jobba mykje og lenge med dette prosjektet.

- Det har vore kjekt å jobba med så mange ulike menneske. I tillegg var det kjekt å vere med på prosjektet heile vegen og få sjå kor bra sluttresultatet blei, fortel prosjektleiar Adriansen.

Klypping av snor

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen synast det er ei spesiell og god kjensle å opne kongevegen.

- Kongevegen er ein av vore viktigaste og historiske vegar.

Han fortel vidare at dette prosjektet er eit godt samarbeid mellom mange ulike aktørar.

Moe Gustavsen legg til at sherpaene som var med på å restaurere vegen er veldig flinke og arbeider godt. 

- Sherpaene, saman med mange andre, har gjort at me kom i mål med prosjektet. Sherpaene var invitert hit i dag, men dei er travle og var allereie i gang med noko nytt i Sverige og kunne derfor ikkje komme. 

- Eg er veldig stolt over å vere med på dette prosjektet og det kjennest ganske fint å stå her i dag for å opne vegen, seier Moe Gustavsen før han klipper snora.

Etter klypping av snor byrja dei mange frammøte å gå den nyopna vegen.

Artikkelen held fram under biletet

Historisk

Gjennom alle tider som folk har forflytta seg mellom aust og vest har vegen over Filefjell vore ein av dei viktigaste rutene.

I sagatida var det ikkje uvanleg at folk reiste til vestlandet gjennom Valdres, istadenfor rundt kysten. I Snorre står det skrive at « Vikingane drog båtane sine på land i fjordane på Vestlandet og drog over fjellet» .

I 1787 blei Christopher Johannes Hammer tilsett som general-vegmeistar i Bergens stift. Han tok straks til med å forberede vegane og vegen frå Lærdal til austlandet vart køyreveg i 1793. Fram til då kunne ein berre bruke hest eller gå til fots over Filefjell.

Hammer slo fast i 1797 at « man nu med kjerre eller vogn kan kjøre over steder hvor fordum var livs fare med løs hest at passere».

I 1820 vart det utført mykje arbeid på vegen av militære avdelingar. Vegen skulle vere i best mogeleg stand, før kongen skulle kome på besøk til Bergen den sommaren.

Vindhellavegen

Seinare vart det gjort omlegging av Vindhella, Galdane og Stalheimskleivane. Vindhellavegen er den mest berømte vegstrekningen med sine serpentinsvingar og imponerande murararbeid. Etter omlegginga stod den klar i 1843.

På grunn av stigninga som framleis var bratt, fekk Vindhellavegen kun ei brukstid på 30 år. I 1872 vart den avløyst av ein ny veg langs elva gjennom Nesbergi.

Vindhellavegen er ynda som turveg, og vart laurdag nyopna etter omfattande restaureringsarbeid.

No startar det vidare arbeidet

Restaureringa av kongevegen over Filefjell starta opp i 2009. Etter sju år står den klar, men det er no arbeidet startar seier prosjektleiar Jan Adriansen.

- Det viktigaste arbeidet framover er å sikre at vegen ikkje blir forsømt etter opningssermonien er over.

Adriansen fortel om ei enorm interesse for prosjektet. Utallige mennesker har bidrege på dugnad. Mange av desse var med på opningssermonien som starta fredag i Lærdal, og vert avslutta på gamle Kvam gard i Vang.

Til toppen