GOD STEMNING: HIT DUO spelar coverlåtar, dei garanterer god stemning og innbyr til allsang. Foto: Arkiv
GOD STEMNING: HIT DUO spelar coverlåtar, dei garanterer god stemning og innbyr til allsang. Foto: Arkiv

HIT DUO garanterer stemning

I romjulstida er det også tid for song og dans. 

Lærdal: Måndag 4 juledag spelar bandet HIT DUO på Kvammes kafé og pub i Lærdal.

HIT DUO består av Linda Moen Rebni og Odd Tore Moen. Bandet har lang erfaring og er godt kjende musikkprofilar. Dei syng coverlåtar heilt tilbake til 1970 og fram til i dag, der det er ein god blanding av norske og internasjonale songar. Dei fortel at dei spelar alt frå Staut, Vassendgutane, Madcon til Rihanna, Lady Gaga og Meghan Trainor.

Artikkelen held fram under biletet. 

MUSIKK: Familie med gode musikkgener.
MUSIKK: Familie med gode musikkgener.

Odd Tore Moen fortel at folk garantert kjem i stemning denne kvelden. Han lovar kvalitetsmusikk, og håpar mange tek turen til Kvammes kafé og pub.
 

Til toppen