OVERRASKA VINNARAR: Petter Løvdahl (f.v), styreleiar og dagleg leiar ved Avdalen gard, saman med Jan Stian Smedegård og Trond Eirik Jentoftsen bak Seimsdalen nærmiljøanlegg. Foto: Ina Eirin Eliassen
OVERRASKA VINNARAR: Petter Løvdahl (f.v), styreleiar og dagleg leiar ved Avdalen gard, saman med Jan Stian Smedegård og Trond Eirik Jentoftsen bak Seimsdalen nærmiljøanlegg. Foto: Ina Eirin Eliassen

Hjartebank, artistheider og gåvedryss til årdøler

To initativ i Årdal fekk torsdag kveld utdelt ein solid slump med pengar for å gjere Sogn til ein betre plass å bu.

Sogndal: Kring 450 personar hadde funne vegen til Meieriet torsdag kveld. Då skulle nemleg Sparebanken Vest dele ut heile 1 million kroner frå banken sitt overskot til prosjektet "Hjartebank for Sogn". Pengane går til gode prosjekt frå lag og organisasjonar som jobbar for å gjere regionen til ein betre plass å bu, der det er lokalbefolkningen sjølve som har nominert kandidatane.

Av 138 nominasjonar frå heile Sogn, har juryen hatt jobben med å velje ut åtte heldige vinnarar. 

Artikkelen held fram under biletet

 ROCKA: Comet Kid på scena på Meieriet i Sogndal torsdag kveld.  
 ROCKA: Comet Kid på scena på Meieriet i Sogndal torsdag kveld.  

Leik og ballspel for ungane

Seimsdalen nærmiljøanlegg sikra seg 100.000 kroner, som skal gå til ballbinge. Grenda har med 600 innbyggarar har dei seinare åra hatt mykje tilflytting og no ønskar dei seg ein ballbinge, som kan bli ein samlingsplass for barn og unge. Trond Eirik Jentoftsen og Jan Stian Smedegård, som tok imot prisen seier dei vil dette skal gå til heile bygda. 

– Hadde de sett dette kome?

– Eh, nei. Men då me kom hit fekk me beskjed om å vera nær scena, fortel dei lurt.

Artikkelen held fram under biletet

BALLBINGE TIL UNGANE: Jan Stian Smedegård (f.v) og Eirik Jentoftsen tok imot prisen til Seimsdalen nærmiljøanlegg. Konferansier Finn Tokvam nytta sjansen til å spørje når ein kan vente seg å sjå fotballspelarar frå Seimsdalen på Fosshaugane.
BALLBINGE TIL UNGANE: Jan Stian Smedegård (f.v) og Eirik Jentoftsen tok imot prisen til Seimsdalen nærmiljøanlegg. Konferansier Finn Tokvam nytta sjansen til å spørje når ein kan vente seg å sjå fotballspelarar frå Seimsdalen på Fosshaugane.

Jentoftsen og Smedegård seier dei håpar å få på plass ballbingen alt til sommaren, men framleis manglar det litt pengar. 

– Me er no halvvegs til ballbinge med desse pengane, men me har tenkt å søka også andre fond og på tippemidlar, fortel Smedegård. 

Han ser heller ikkje bort ifrå å ha litt kronerulling om det må til for å koma i mål med samlingsplassen.  

– Dette er noko ungane treng. Me har drive på nokre år for å få til ein leikeplass og det er utruleg kor lite som skal til, seier Jentoftsen. 

Tek vare på den folkekjære garden

Like etter var det Avdalen gard som stod for tur, som også fekk 100.000 kroner. Garden har vorte bygd oppatt på dugnad og er ein kjær plass for både bygdafolk og for turistar. Desse pengane skal gå til vedlikehald, då det framleis står att mykje å gjere. 

Artikkelen held fram under biletet

FRILUFTSLIV: Petter Løvdahl, styreleiar og dagleg leiar ved Avdalen gard tok imot gåva som skal gå til restaurering av Avdalen gard. 
FRILUFTSLIV: Petter Løvdahl, styreleiar og dagleg leiar ved Avdalen gard tok imot gåva som skal gå til restaurering av Avdalen gard. 

– Det er veldig kjekt at det vart så mykje på Årdal. Dette hadde me aldri rekna med, men eg fatta mistanke då Aleksander Øren Heen (som sat i juryen, journ. mrk) ringte for å invitere meg og sa at det vart nok til diesel for å koma hit. Denne prisen kjem veldig godt med til arbeidet på Avdalen gard, seier frå Petter Løvdahl, som er dagleg leiar ved Avdalen gard. 

Etter utdelinga legg ikkje Løvdahl skjul på at han er veldig overraska over prisen. 

– Eg hadde fleire ubesvarte anrop då eg var på jobb idag, og fekk til slutt beskjed om at me var nominert og spørsmål om eg hadde moglegheit å koma. Då rekna eg me at det kanskje kunne bli noko, men 100.000 kroner er over all forventing. 

Han fortel dei starta restaureringa av fjellgarden i Utladalen i 1991 og at det har vore ein gjeng med eit utruleg samhald som har jobba heile vegen. 

– Så no blir det friluftsliv for alle "pengane"?

– Det blir det absolutt. Det skal gå arbeidet med å gi overnatting til dei som tek turen innom garden, seier han. 

Artikkelen held fram under biletet

VARME TONAR: Sigrid Moldestad spelte til heider og ære for prisvinnarane.
Foto: Ina Eirin Eliassen

– Ville gjera Sogn enda litt betre å bu i

For å gjere ekstra heider på prisvinnarane var kvelden komplett med varm og leiken rock frå Comet Kid, folkemusikk og julesong til ettertanke frå Sigrid Moldestrad og den djupe stemma frå Sivert Høyem. Finn Tokvam, kjend frå radioprogrammet PILS, krydra det heile med verbale krumspring, der han baud både på seg sjølv og slekta.

GIR ATTENDE: Geir Henning Høyheim, avdelingsbanksjef ved Sparebanken Vest. 
GIR ATTENDE: Geir Henning Høyheim, avdelingsbanksjef ved Sparebanken Vest. 

– Me starta med "Hjartebank for Sogn" i august og det har vore ein lang veg for å kome hit. Det har vore utruleg engasjement og juryen har kome fram til gode prosjekt som er spreidd over heile Sogn. Me håper dette kjem godt med og er til inspirasjon og glede. Men me ville også gi sogningane ein konsert med flotte artistar. Me håpar dette kan gjera at det blir enda litt betre å bu i Sogn, seier Geir Henning Høyheim, avdelingsbanksjef ved Sparebanken Vest. 

Til toppen