ÅRDALSVISITT: Thea Hjelmeland spelte konsert i Årdal Kulturhus fredag. 
ÅRDALSVISITT: Thea Hjelmeland spelte konsert i Årdal Kulturhus fredag. 

Hjelmeland rosar årdalspublikumet

Fredag spelte Thea Hjelmeland og bandet hennar konsert for elevane i Årdal.

Årdal: Konserten fann stad i kulturhuset i samband med Den kulturelle skulesekken, ei nasjonal satsing som har som mål at alle skuleelevar i Norge skal få oppleve profesjonell kunst og kultur.

Hjelmeland, som tidlegare har gitt ut to plater og spelt konsertar landet rundt, tykkjer det er ekstra spesielt med ein slik turné.

– Eg hadde ikkje fått moglegheita til å reise rundt og oppleve fylket mitt om dette var vanlege konsertar. I tillegg blir eg møtt av eit publikum som mest sannsynleg ikkje hadde reist på ein av mine konsertar. Det er jo litt spanande for begge partar, seier ho.

Ho ventar ikkje at publikum skal like musikken hennar. 

– Elevane er jo ikkje der frivillig, så ein kan ikkje forvente at dei likar det dei høyrer. Kanskje oppdagar dei at musikken ikkje var så verst, eller finn ut at dei ikkje likar den. Det er heilt greitt. Om dei likar musikken min er det berre ein bonus. 

Les også: Thea kjem til Årdal og Sogndal

Rosar Årdølene

Då Hjelmeland blei spurt om opplevinga hennar i Årdal, var svaret positivt. 

– Det har vore kjempefint å få spele her. Publikumet var fantastisk. Eg veit det er lett å tru at det kun noko eg seier, men ein merkar fort når publikum er lydhøyre. Årdølene var respektfulle, noko eg set stor pris på. 

Hjelmeland skal turnere med Den Kulturelle Skulesekken i ei veke til. Deretter fortel ho at planen er å spele inn ei ny plate. 

Til toppen