GRUPPE: Mange engasjerer seg i leiteaksjonen for den forsvunne leonbergeren - 600 er medlem i facebookgruppa. 
GRUPPE: Mange engasjerer seg i leiteaksjonen for den forsvunne leonbergeren - 600 er medlem i facebookgruppa. 

"Hjelp oss å få Elvis heim!"

Bidra til og følg med på leiteaksjonen etter den sakna leonbergeren på facebook.

Facebookgruppa "Hjelp oss å få Elvis heim!" har om lag 600 medlemmar, og alt av spor etter den sakna hunden, observasjonar og nye opplysningar blir delt her. Eigaren er glad for alle som vil bli medlemmar - di fleire som følgjer med, di større er sjansen for at hunden kjem til rettes.

Observasjonar og funn

Leonbergeren Elvis forsvann frå hundepensjonatet i Fardalen laurdag 25.juni. Den to år gamle hannhunden er observert ei gong, og har lagd att spor ved fleire høve.

Likevel er han framleis ikkje funnen - to veker etter han forsvann. Men leiteaksjonen held fram og eigaren har stor tru på at Elvis skal koma heim. Her finn du facebookgruppa. 

Til toppen