SJØLVBETENING: Allereie har det vorte nokså vanleg med ubetente kasser i butikken. Og vanlegare kjem det til å bli. Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix
SJØLVBETENING: Allereie har det vorte nokså vanleg med ubetente kasser i butikken. Og vanlegare kjem det til å bli. Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix

Hjelp, vi mistar jobben!​

Teknologi som kjem til å endre liva våre dramatisk, er rett rundt hjørnet, seier framtidsforskarane. Og svært, svært mange arbeidsoppgåver kjem ti å forsvinne.

World Economic Forum (WEF) spår i ein rapport som kom ut tidlegare i år, at enormt mange arbeidsplassar innanfor transport, produksjon og industri, byggjenæring, kontor og administrasjon, installasjon og vedlikehald kjem til å falle bort dei næraste åra. Enten du er maskinoperatør, sjåfør, sekretær, jurist eller lege, kan mange av arbeidsoppgåvene og dermed mange av jobbane bli overflødige når kunstig intelligens (AI) og automatisering no smeltar saman og skaper det forskarane kallar den fjerde industrielle revolusjonen.

– Ein skal rett nok vere varsam med å vere altfor påståeleg om framtida. Teknologi som blir spådd å vere rett rundt hjørnet, kan det dryge med, mens det som i dag verkar som rein science fiction, plutseleg blir ein realitet over natta. Men det verkar i det store og heile å vere nokså sannsynleg at auka automatisering og kunstig intelligens får ein enorm innverknad på yrkeslivet i nær framtid, meiner Torgeir Waterhouse, direktør for internett og nye medium i IKT-Norge.

Halvparten borte

Dersom prognosane til blant andre WEF stemmer, kjem opptil 50 prosent av dei jobbane vi har i dag, til å forsvinne dei neste 20 åra. Ifølgje Stiftelsen för strategisk forsking (SST) i Sverige kan opptil 65 prosent av dei som i dag er førskulebarn, få jobbar som enno ikkje eksisterer. Tidlegare teknologiomveltingar – som den første industrielle revolusjonen – skjedde over mange tiår. I dag blir det sagt at teknologiutviklinga frå 2014 til 2016 har vore like stor som dei 70 åra før.

– Teknologien følgjer ei eksponentiell utviklingskurve, det vil seie at han stadig utviklar seg mange gonger raskare på stadig kortare tid. Vi er no ved eit punkt der vi verkeleg kjem til å merke at utviklinga skyt fart, trur Waterhouse.

Køyrer og forskar

Det vekte oppsikt da helseroboten Pepper tidlegare i år fann den rette diagnosen hos ein pasient som hadde ei sjeldan kreftform, på berre 10 minutt. Legane ved sjukehuset i Tokyo hadde brukt månader på å undersøkje kvinna utan resultat. Peppers datahjerne, laga av IBM, kunne pløye gjennom 20 millionar registrerte diagnosar, kjenne att mønster og trekkje den rette konklusjonen med ein fart og grundigheit som er utenkjeleg for menneskehjernen.

Artikkelen held fram under biletet.

RASK DIAGNOSE: Ein robot som kan finne ut kva slags sjukdom du har på ein brøkdel av tida det tar ein lege, er ikkje lenger rein science fiction.
RASK DIAGNOSE: Ein robot som kan finne ut kva slags sjukdom du har på ein brøkdel av tida det tar ein lege, er ikkje lenger rein science fiction.

Mens dei fleste har fått med seg at autonome (sjølvkøyrande) bilar er ein realitet allereie, reknar BI Intelligence med at vi innan år 2020 kjem til å ha rundt 10 millionar heilt eller delvis autonome køyretøy på vegane. Volvo lanserte nyleg ein video som viser ein sjåførlaus lastebil som utforskar gruvegangar fleire hundre meter under bakken, berre styrt av ein datahjerne om bord.

– Folk i transportsektoren blir truleg blant dei første til å føle dei store yrkesmessige konsekvensane. Men det gjeld òg meir kontorprega arbeid med meir regelstyrte vurderingar. Dette kan vere alt frå revisoroppgåver til medisinsk diagnostisering, forsking og saksbehandling, meiner Arild Henrik Steen, instituttdirektør ved Arbeidsforskingsinstituttet (AFI).

– Må diskuterast

Både WEF og SSF åtvarar mot å hamne i bakkant av utviklinga. Ei undersøking som Aftenposten og Opinion har gjort, viser at 90 prosent av næringslivsleiarane jamt over er innforstått med at det er store teknologiske endringar på veg, men berre to prosent trur dei vil få mykje å seie for organiseringa og inntektsevna i bedrifta deira.

– Alle store endringar er problematiske, og mykje handlar om korleis vi møter dei. Vi bør ikkje overlate problemstillingane til teknologiutviklarane, politikarane eller fagforbunda åleine, men ha alle med i diskusjonen så snart som råd, meiner Waterhouse.

Kan gi nye jobbar

Skal han sjå inn i spåkula, trur han blant anna at vi snart kan bli tvinga til å tenkje nytt om korleis vi utdannar oss, måten arbeidslivet er organisert på, og korleis vi skal tryggje velferdsstaten – ikkje småtteri altså.

Artikkelen held fram under biletet.

SJØLVBAKANDE: Ifølgje ein svensk rapport er det sannsynleg at mange jobbar innanfor bake- og slaktaryrka forsvinn dei neste 20 åra.
SJØLVBAKANDE: Ifølgje ein svensk rapport er det sannsynleg at mange jobbar innanfor bake- og slaktaryrka forsvinn dei neste 20 åra.

Det er likevel på ingen måte gitt at teknologirevolusjonen må ende med massearbeidsløyse og auka forskjellar.

– At e-bøker tar over for papir, til dømes, gjer at mange av dei som er involverte i å hogge tre, lage papir, trykkje og frakte, blir i stand til å gjere noko anna, som kanskje er meir frigjerande. Det føreset sjølvsagt at dei får andre arbeidsoppgåver, og det er derfor det er så utruleg viktig at diskusjonane oppstår før og ikkje etter at jobbane forsvinn, legg Waterhouse til.

Arild Henrik Steen er einig i at det ikkje treng liggje an til noko «menneske mot maskiner»-scenario. Han meiner det er meir snakk om å flytte innsatsen frå vareproduksjon til tenesteproduksjon.

– Mange kunne sleppe ei rad repetitive og tidkrevjande oppgåver, og vil heller kunne flytte energi og fokus over på mellommenneskelege relasjonar. Berre i helse- og omsorgssektoren kjem det til å vere eit tilnærma uendeleg behov for arbeidskraft framover, trur Steen.

Til toppen