Hjelpekorpset laga god gamaldags basarstemning

Lærdal Røde Kors Hjelpekorps skapte god gammaldags basarstemning i Storstova på Lærdalsøyri skule sundag ettermiddagen.

– Kjempefornøgd, seier leiar i basarnemdi Åslaug G. Kaardal om resultatet som kom inn. Den årlege basaren er hovudinntekta til hjelpekorpset, fortel han.

I forkant av basaren har hjelpekorpset hatt medlemmar som trottig har sete på butikkane og solgt lodd på hovudgevinstane til basaren. Det er sendt ut brev til bedrifter i bygda, og gjevargleda har vore stor, seier Trond Øyen Einemo i hjelpekorpset.

– Når me hentar gevinstar, så står dei klare til oss, fine flotte gevinstar, takkar han.

Med seg på basaren har hjelpekorpset pasientvennene som står i kafeen og sel gode kaker og kaffi som gjekk unna mellom basarårane. 

Eit lite fint avbrekk i loddsalet var to musikkinnslag av elevar på musikkskulen, Synne Bentås og Knut Lindstrøm som spelte flotte pianostykkjer. 

Som avslutning på kvelden var det trekning av hovudgevinstane . Den aller heldigaste var unge Mila Horge Eliassen som kunna trilla heim ein splitter ny sykkel. Uttrekkingen av ein iPad gjekk til Karen Alvrun Rikheim og gåvekort gjekk til familien Jens S. Grøthe 

Det er ingen tvil om at kvelden vart ein suksessen. Når alle hadde gått heim, kunne dei telja opp heile 81 000 innsamla kroner.

Til toppen