Hjort påkøyrd i Lærdal

Hjort påkøyrd i Lærdal

Politiet melder i ettermiddag om ein påkøyrd hjort i Lærdal.

Lærdal: Politiet meldte på sin Twitter-konto i kveld om ein påkøyrd hjort i Lærdal. Hjorten skal ha vorte påkøyrd rett aust for sentrum på riksveg 5, og saka er no sett over til viltnemnda.

Tidlegare i dag meldte politiet om skadeverk på ein varebil i same område. Skadeverket skal ha gått ut over speglane, då den eine har vorte knust og den andre reven av. Politiet ynskjer tips frå publikum i denne saka.

 

Til toppen