Lærdal: Som meldt tidlegare meiner forskingsmiljøa sanering av dei om lag 1 800 villreinane i Nordfjella sone 1 er det einaste riktige i eit forsøk på å hindra vidare spreiing av CWD – også i den ferske rapporten frå Vitskapskomiteen for mattryggleik.
Les også: Landbruksministeren vil ha rask nedskyting av villrein i Nordfjella
– Dersom målet er å bli kvitt skrantesjuke i Noreg, må det iverksetjast effektive tiltak så tidleg som mogleg, seier veterinær Bjørnar Ytrehus i Norsk institutt for naturforsking (NINA), på nettsida til vitskapskomiteen.
Ytrehus er også medlem av gruppa som har gjort risikovurderinga.
Modellen rapporten tilrår er altså den same som Ytrehus synte under informasjonsmøtet om sjukdommen i januar – sanering av dagens bestand, brakklegging av området i fem år og reetablering.
Les også: Meiner heile villreinsstamma i Nordfjella bør sanerast
Les også: Dette var «monsteret» sitt første offer
– Om ein er rask, grundig og heldig, og sjukdommen ikkje har rukke å spreia seg til andre bestandar, kan ein då klara å utrydde den, seier Ytrehus.
Artikkelen held fram under biletet

– «Mannspartisk spreiing»
Den 125 sider lange rapporten frå vitskapskomiteen kjem med fleire moglege tiltak for å kontrollera sjukdommen – det vil seia tiltak som kan dempa smittepresset. Som tidlegare meldt på Porten.no er reduksjon av hjortebestandane rundt Nordfjella eitt aktuelt tiltak – trass i at det ikkje er funne CWD på hjort.
Les også: Skrantesjuka: – Må gjera så godt me kan
I høve hjort blir det også nemnd i rapporten at særskild målretta utskyting av bukkar klan vera effektivt fordi ubreiinga av CWD er større i bukkar enn hodyr, har forsking konkludert med.
– Hjort og mest truleg også elg har mannspartisk spreiing, medan begge kjønn spreier sjukdommen hjå rådyr, står det i rapporten.
Vidare står det at:
– Unge bukkar har størst spreiingspotensial og vaksne bukkar har ofte ein høgare førekomst av CWD.
Såleis vil intensiv bukkejakt kunne gje dobbel effekt; ein får teke ut dei dyra med høgast førekomst av CWD – altså vaksne bukkar. Og ettersom ungbukkar vandrar over store områder frå mora slepp bukkekalven frå seg til ungbukken etter kvart finn sitt eige område, har desse stort spreiingspotensiale.
Les også: Eit nærast umogleg val
– Unngå at folk uforvarande tek med seg smitten frå område til område
Elles blir tiltak som allereie er innført eller omtalt tidlegare også nemnde i VKM–rapporten.
- «å slutta å laga stader der mange dyr kjem i nær kontakt med kvarandre, for eksempel ved fôring av hjortedyr i nærleiken av eller der det er påvist skrantesjuke. På slike stader vil risikoen for smitte vera spesielt stor.
- andre tiltak kan vera å setja opp gjerder, gjeta dyra, eller redusere bestandstettleiken i randsonene, slik at smitta og friske dyr har minst mogleg kontakt.
- det vil også vera viktig å prøva å unngå at folk uforvarande tek med seg smitten frå område til område, for eksempel ved transport av dyr, slakt, fôr eller jord, eller med klede, sko, utstyr eller køyretøy som er forureina med smitte.»
Les også: – Skulle gjerne ha testa alt slakta hjortevilt i Noreg