MILLIONKONTRAKT: HMR Hydeq skal levera metalltappekøyretøy til Hydro sine anlegg i Øvre Årdal, Husnes og Karmøy.
MILLIONKONTRAKT: HMR Hydeq skal levera metalltappekøyretøy til Hydro sine anlegg i Øvre Årdal, Husnes og Karmøy. (Foto: HMR Hydeq AS)

HMR Hydeq vann kontrakt til 50 millionar med Hydro

Selskapet frå Årdal vann fram i konkurransen og landa lukrativ kontrakt med Hydro.

Årdal: Kontrakta vil skapa arbeid på til saman mellom 35 og 40 årsverk i gjennomføringsperioden frå våren 2019 til sommaren 2020. 

Dagleg leiar Tor Arne Litlere. Foto: Privat/LinkedIn

 Kontrakta går ut på at HMR Hydeq AS skal levera metalltappekøyretøy til Hydros smelteverk i Noreg, melder selskapet i ei pressemelding. 

HMR skal levera metalltappekøyretøy til Hydro sitt anlegg på Husnes, i Øvre Årdal og på Karmøy. 

– HMR Hydeq er stolte over å ha blitt tildelt denne kontrakten, og for at vår kompetanse blir verdsatt når Hydro Aluminium velger teknologipartner på metalltapping. Kontrakten skaper trygghet for ansatte i HMR Hydeq, som med dette blir ansvarlige for gjennomføring av leveransene, seier dagleg leiar Tor Arne Litlere i meldinga. 

Til toppen