STORT: Sjå det avgjerande målet Vårin Ness frå Sogndal skåra i den amerikanske universitetsfinalen.

VIDEO

Vårin (23) sende lagvenninene til himmels med siste spark på ballen i den amerikanske universitetsfinalen

Fire minutt før full tid avgjorde ho kampen i den prestisjetunge turneringa og laget hennar skal dimed spele i nasjonalt sluttspel.

Florida/Kaupanger: – Målet sundag, saman med eit mål eg scora for fem år sidan, er det største eg har opplevd i fotballen, seier sogndølen Vårin Eriksen Ness.

Den andre augneblinken ho siktar til, er då ho 18 år gamal scora det avgjerande målet i ein 2-1 siger i 2012, som sikra at Kaupanger rykte opp til fyrste divisjon.

Det var sundag klokka 13.00 amerikansk tid at det var det avspark i finalen i kvinnene sin austkyst-universitetsliga i fotball.

Lipscomb Universitet frå Nashville i Tennesse spela heime, mot Ness sitt Florida Gulf Coast Eagles (Florida Golfkystørner), som måtte fara meir enn 1300 kilometer til kampen. Trass i den lange distansen var det kring 100 elleville bortetilskodarar på tribuna. Ikkje nok med det, Ness hadde også fleire vener frå Tennessee på tribuna, for tidlegare spela ho universitetsfotball for eit anna lag i nettopp Nashville.

Artikkelen held fram etter instagram-biletet, som vart teke etter kampen. På måltavla ser ein at Ness sitt vinnarmål vart scora 4 minutt og 24 sekund før slutt.

 

CHAMPIONS!!!! 💍💍💍

Et innlegg delt av VÅRIN NESS (@vaarinness)

 

Mange tankar gjekk gjennom hovudet sekunda før vinnarmålet

Golfkystørnene hadde to norske jenter med frå start og kaupangerprofilen vart den store helten. Men til pause låg floridalaget under med 2-0:

– Me var langt nede då. Mange hadde gjeve opp. Men so kom me inn i andre omgang og køyrde over dei, fortel Ness. 

Ho sette inn vinnarmålet i siste ekstraomgang, berre fire minutt før det skulle verte duka for straffesparktevling. 

– Eg hadde ein kjempesjanse til å avgjera i fyrste ekstraomgang. Eg kom skrått mot keeper åleine, med ein motspelar i ryggen og so skaut eg svakt utanfor. 

I ekstraomgangane var det slik at det laget som scora fyrst, ville vinna. Ness fekk ein ny, nesten heilt lik sjanse fire minutt før slutt: 

– Då eg fekk same sjansen på ny og fossa fram mot mål, tenkte eg at denne må eg setja, no vil eg ikkje verta syndebukk. Det var skummelt. Fyrst var det ei som heldt på å fella meg og so kom det ei rusande mot meg frå venstre, men eg tenkte «denne lyt verta mål», seier Ness. 

Og mål vart det, til ikkje lite jubel for heile laget og eit svært engasjert bortepublikum. 

Artikkelen held fram etter biletet, som syner eit farleg Ness-åtak frå ein tidlegare kamp.

 

on the road again 🦅⚽️

Et innlegg delt av VÅRIN NESS (@vaarinness)

 

Det var ekstra mykje som stod på spel denne gongen.

Medan fotballsystemet i Noreg går frå eliteserien og nedetter divisjonane, er det i USA èin einskild proffdivisjon og so universitetsligaer. Både Ness og mange av lagveninnene hennar går siste året på universitetet i år. 

Når neste seriesesong er i gang, er dei difor ferdig utdanna. Det inneber at for alle dei jentene som ikkje skal verta proffspelarar, so hadde gårsdagens kamp vorte den siste teljande kampen i karrieren dersom dei hadde tapt. 

– Det var litt difor me var so langt nede i pausen. Fem av oss som spela frå start går på siste året. Spelarane var redde for at dei no skulle avslutta karrieren med å gå på ein kjempesmell. 

POPULÆR SCORING: Vinnarmålet skapte glede i Floridaleiren. – Eg hadde ikkje lyst til at kampen skulle gå til straffesparktevling, for der kan ein aldri vita kva som skjer. So eg måtte skyta i mål då eg kom mot keeperen, tenkte Ness rett før ho fyrte av sigersskotet. 
POPULÆR SCORING: Vinnarmålet skapte glede i Floridaleiren. – Eg hadde ikkje lyst til at kampen skulle gå til straffesparktevling, for der kan ein aldri vita kva som skjer. So eg måtte skyta i mål då eg kom mot keeperen, tenkte Ness rett før ho fyrte av sigersskotet. 

Men sidan det takk vere Ness sitt avgjerande mål vart siger, ventar no som sagt superturneringa med dei beste universitetslaga i USA.

For Ness sin eigen del ville ikkje tap betydd slutten på karrieren. Sidan Noreg har eit heilt pyramideliknande divisjonssystem kan ein alltid finna eit høveleg lag å spela på, anten det er i toppserien eller ei.

Kanskje vert det nye eventyr

Fem år etter at Ness med si 2-1-scoring sende Kaupanger opp i fyrste divisjon i den norske kvinnefotballen, har Kaupanger i år igjen rykt opp til fyrstedivisjon, etter å ha vore nede i den andre divisjonen igjen. 

– Det var veldig inspirerande å sjå dei rykka opp. Eg vart so stolt då eg såg dei vinna båe dei to siste kvalifiseringskampane. Dei skal ha all æra som har jobba hardt, seier Ness.

Då ho var heime i Noreg i vår, spela ho sjølv nokre kampar for heimstadlaget sitt og soleis fekk ho bidraga ein ørliten bit til opprykket sjølv òg, heilt i starten av sesongen. 

Ness fortel at Kaupanger har teke kontakt med henne og høyrt om ho vil vera med til neste år. I sumar skal ho vera i Sogndal. Til hausten tenkjer ho å anten finna seg ein jobb i Sogn og i so fall spela på Kaupanger, eller ta ein mastergrad i utlandet.

Universitetet hennar i Florida har eit samarbeid med fotballakademiet til londonlaget West Ham i England som ho synst verkar bra.

– Me får sjå om eg fer heimatt, eller om det vert nye eventyr, seier Vårin Eriksen Ness, spelaren med draktnummer 23 på universitetslaget Florida Gulf Coast Eagles.

 

SENIOR NIGHT 👵🏽⚽️🌸 #23 @fgcu_wsoccer

Et innlegg delt av VÅRIN NESS (@vaarinness)

Til toppen